Korleis vart du du, Ronny Brede Aase?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven var du på vidaregåande?

– På vidaregåande gjekk eg linja for media og kommunikasjon på Mo og Jølster vgs. Der fekk eg plutseleg lov til å leike med dei tinga eg var interessert i, på skulen. Eg
var nok hardtarbeidande, men mest tett opp mot tidsfristene. Eg er god på skippertak. Og så var eg sikkert vel høglytt og bråkete. Eg likte å prate.
 
Hadde du nokre ungdomsheltar?
– Allereie då elska eg radio. Eg forguda NRK P3, og dei som var på lufta der.
 
Kva av livslærdom har fått deg dit du er i dag?
– Trua på at ein kan få til ting om ein verkeleg jobbar hardt for, og engasjerer seg i det.
 
Kva er dine beste råd til unge som vil opp og fram?
– Om ein vil opp og fram innan for eksempel radio meiner eg bestemt at det handlar om engasjement for mediet og øvelse. Ein må søkje moglegheitar for å prøve seg
overalt kor ein kan. Øvelse gjer mester. Sjølv sysla eg mykje med både lokal- og studentradio.
 
Korleis får ein tid til alt som ung?
– Godt spørsmål. Eg føler meg framleis ung, men eg kjenner ikkje på at eg får tid til alt. Då eg var enno yngre var det jo ikkje naudsynt å tenkje på ting som bustadmarknaden, lånekasse, vask av leiligheit, kva ein skal ha til middag eller vasking av klede (i alle fall ikkje heime hos meg). Eg skuldar på at slike store spørsmål tek for mykje tid i livet. Men det er jo berre tull, for eg har jo alltid tid til å sjå ti tv-episodar på rad, om det er det eg har lyst til.
 
Kva er nynorsk for deg?
– Der finst ikkje betre måtar å uttrykkje seg på. Eg føler at bokmål blir stivt og kjølig, medan nynorsken er varm, inkluderande, frisk og meir ekte. Eg skulle berre ønskje nynorsken kunne vere vakker på skulebenken og. Det er den sjeldan, når til og med læraren ofte går inn i den med tankar om at sidemålet berre er tøys.
– Difor heiar eg på kvar einaste moglegheit nynorsken får til å flotte seg i populærkulturen. På radio og fjernsyn, i musikken, på trykk. Og eg er latterleg stolt over å få vekke P3-lyttarane kvar morgon med den nynorsknære dialekta mi. Det er eit privilegium, og mailen frå ungdomsskulejenta som gjekk opp 2 karakterar i sidemål berre fordi ho lyttar til oss skal rammast inn.
 
Kva song har hatt mest å seie for deg?
– Dårleg gjort å spørje om dette. Det er umogleg å velgja. Musikk er jo lydsporet til livet, og eg elskar at ein kan knytte situasjonar og opplevingar i livet til kvar einaste av favorittlåtane sine. Då eg var ny heimefrå og
fersk student i Halden spelte eg Plans-albumet til Death Cab for Cutie om att og om att. Kvar gong eg høyrer ei låt derifrå no, blir eg dregen rett attende til varme og solfylte haustdagar med ei kjensle av at dette går bra, dette klarar du.
 
– Eller The Shins sitt album "Wincing the night away". Fyrste gong eg høyrde og elska det sat eg i senga, på det vesle kottet av eit rom eg hadde fått tildelt, i eit skrøpeleg hus i Nord-London. Eg hugsar at soppen på badet og sneglane som sneik seg inn i huset nattestid ikkje betydde noko i ein så fin by, og med så fin musikk.  Eg klarar ikkje velgja ei låt, men om eg må velgja eit band så blir det The Shins. Det
er for bra, det er for vakkert. Og eg felte tårer då eg endeleg fekk sett dei live på årets Hovefestival.
 
Kva ville du sagt til deg sjølv som 20-åring?
– Ta det litt med ro, du får heilt sikkert forlenga NRK-vikariatet ditt. Ingen grunn til panikk.
 

Faktaboks

Ronny Brede Aase

26 år frå Førde
 
Programleiar i P3Morgen for NRK P3
 
Vann Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2009
 
Vart årets radionamn og årets programleiar saman med Lise Nelvik under Prix Radio
2011