Kan norske hyblar løysa amerikansk krise?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk løysing på krise i USA?

I denne artikkelen på Forbes Magazine kan du lesa om studentane Magnus Meisal og Kristoffer Sørstrønen som – ifølgje det anerkjende finansmagasinet – kan vera løysinga på hybelkrisa både i USA og England. Kanskje til og med her heime.

LES OGSÅ: Over 14.500 i kø for studentbustad

Studentar og oljen
Me har lest mykje om hybelproblema her heime – om at prisane stig og at køane blir lengre. Med MyBox, idéen til Meisal og Sørstrønen, kan det løysast fleire problem i ein smekk. Dei opplever og mykje interesse frå oljebransjen.

– Me har jobba ein del med selskap som vil kutta ned på hotellkostnader, og som ser at desse leiligheitene kan passa bra til pendlarar. Me er godt på veg med to selskap eg diverre ikkje kan sei kven er, seier Kristoffer Sørstrønen, prosjektleiar i MyBox.

LES OGSÅ: Gründer på fottur

Miljøvennleg
Hyblane til MyBox er små, berre 26 kvadratmeter. Dei blir laga i gamle shippingcontainerar, og tanken er å gjera dei så miljøvennlege som mogleg. Sørstrønen fortel at gjenbruken av dei gamle containerane i seg sjølv sparar mykje energi.

– Alternativet er at dei blir smelta dei om, og det kostar like mykje energi som ein liten familie brukar på eit år, fortel Sørstrønen.

Han fortel vidare at selskapet alltid leiter etter nye løysingar for å gjera hyblane så miljøvennlege som mogleg.

– Me prøver blant anna gråvassgjenvinning, det er veldig spanande. Teknologien er latterleg enkel, den tek det brukte varmtvatnet og forvarmar det kalde som er på veg ut. Det kostar ingenting, og kan kutta varmtvannsbruken med 60 prosent, forklarar Sørstrønen entusiastisk.

LES OGSÅ: Rapport frå eit absurd miljølandskap

Større enn forventa
Med lovande samarbeid med oljebransjen og solid skryt frå Forbes kan framtida sjå lys ut for Stavanger-gründerane. Dei vil bli best på små leiligheiter.

– Dette er berre 26 kvadratmeter, og det er ganske mykje arbeid skal til for at det blir optimalt. Me vil spesialtilpassa leiligheitene for å finna dei perfekte løysingane.

For å nå målet håpar Sørstrønes at byggereglane i Noreg kan løysast opp litt.

– Krava i Noreg i dag er veldig låst. Me skulle ønska det heller var eit krav om energibruk per kvadratmeter, seier Sørstrønen.

LES OGSÅ:Norske gründer-kvinner halar innpå