– Kan bli ein langvarig strid

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei lang rekke appellar, talar, dikt og andre kulturinnslag fylte Eidsvolls plass saman med dei som møtte opp.

– Det er ikkje greitt å lata fjord vera fjord, miljø vera miljø, og framtid vera framtid, sa Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom, då han opna arrangementet.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom er klar for å bryta lova

Vedtaket om å lata Nordic Mining dumpa gruveavfall i Førdefjorden vart gjort 17. april i år, og vekte sterke reaksjonar med ein gong. Natur og Ungdom gjorde seg klar til å bryta lova.

– Me aksepterer ikkje dette. No har regjeringa fått lov til å ta si avgjersle, men me kan ikkje la dei gjera ein av dei reinaste fjordane våre til ein avfallsplass for gruveindustrien. Me har vore redd for ei slik avgjersle, og har samla inn aksjonistar, folk som vil bryta lova for å stoppa dette. Sivil ulydnad har stoppa slike prosjekt før, sa NU-leiar Arnstein Vestre då nyheita kom i vår.

Test deg sjølv: Kva kan du om klimasaka?

FørdefjordenStorting2

Inger Fure Grøtting representerte dei 500 ungdommane i Sogn og Fjordane som samla seg for å protestera mot sjødeponi-vedtaket over natta. – Hovudargumentet er arbeidsplassar. Men kva arbeidsplassar vil dei unge ha, dei unge som Sogn og Fjordane sårt prøver å lokka til seg? spurte ho. Foto: Anders Veberg

– Kan bli ein langvarig strid
Det var Natur og Ungdom som tok initiativ til markeringa, saman med Vevring- og Førdefjord miljøgruppe og Naturvernforbundet. Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, nytta høvet til å sjå framover – han gir ikkje opp med det første.

– Me har fått enormt mange reaksjonar på regjeringa sitt vedtak, og me trur at det sterke, folkelege engasjementet for ein rein fjord vil setta ein stoppar for dette prosjektet. Me vil følga med på kvar einaste løyving som skal bli gitt i dette prosjektet framover, både lokalt og sentralt. Det er lenge til Nordic Mining har sagt at dei kan starta opp, og det er eit stortingsval i mellomtida. Dette trur me kan bli ein langvarig strid, seier Haltbrekken.

Jens Frølich Holte (H), politisk rådgivar i Klima- og miljødepartementet, seier han ikkje er heilt sikker på kva løyvingar Haltbrekken i Naturvernforbundet skal følga med på framover, men understrekar at det ligg mykje grundig arbeid bak vedtaket om å gi løyve til dumping av gruveavfall i Førdefjorden. Forslaget har blitt sendt til Nordic Mining, som no må godkjenna utkastet.

– Me har motteke nokre kommentarar frå bedrifta som no er til vurdering i departementet før formelt vedtak kan bli fatta. Me har også motteke ei klage sjølv om vedtaket ikkje er formelt fatta. Det blir klagebehandling på vanleg måte, men så lenge alle løyva for gruveverksemda er gyldige, har dei lov til å setja i gang, seier Holte, som ikkje er i tvil om at arbeidet til Nordic Mining vil bli utført.

Frølich Holte fortel at departementet set stor pris på engasjementet i folket.

– Vedtaket er fatta, men engasjementet har påverka prosessen og utfallet i at me stiller veldig strenge miljøkrav. Hadde det ikkje eksistert eit miljøengasjement, hadde kanskje det blitt lagt mindre arbeid i avgjersla.

LES OGSÅ: Reiselivet i vest kritisk til sjødeponi i Førdefjorden

ManiHussainiFørdefjord1

AUF-leiar Mani Hussaini sa klart ifrå kva han ville at moderpartiet skulle gjera. – Ap si rolle er ikkje å legitimera regjeringa sitt gruveslam i Førdefjorden, men å samla opposisjonspartia og leia Noreg i det grøne eventyret. Foto: Anders Veberg

– Noko heng ikkje på greip
Det var også mange politikarar som møtte opp. Blant dei var Ola Elvestuen, nestleiar i Venstre, Rasmus Hansson i MDG, Heikki Holmås i SV, Dagrunn Eriksen i KrF, og Mani Hussaini, leiar av AUF.

– Arbeiderpartiet skulle bli eit grønare parti. Så langt har ikkje det komme Førdefjorden til gode, sa Arnstein Vestre då han introduserte AUF-leiar Mani Hussaini. Hussaini gjorde det klart at AUF ikkje ville stilla seg bak vedtaket om deponi i Førdefjorden.

– Kva er årsaka? Svaret deira er å sikra arbeidsplassar, og at dette vil gi området eit etterlengta løft. Eit sjødeponi i Førdefjorden vil skapa rundt 150 arbeidsplassar i Nordic Mining, samt nokre fleire i lokalmiljøet, sa Hussaini, som så trakk fram alle arbeidsplassane som eksisterer i området, og som er avhengige av ein rein og frisk fjord for å overleva – som fiske, sjømat og reiseliv.

– Fylket har landets lågaste arbeidsløyse, så når regjeringa etterlyser eit løft, er det noko som ikkje heng på greip, la Hussaini til.

Han gjorde det klart kva han ønskja at moderpartiet skal gjera.

– Eg seier også klart og tydeleg: Ap si rolle er ikkje å legitimera regjeringa sitt gruveslam i Førdefjorden, men å samla opposisjonspartia og leia Noreg i det grøne eventyret.

LarsHaltbrekke

Lars Haltbrekke forstår godt at Natur og Ungdom vil ty til sivil ulydnad for å redda Førdefjorden, og utelukkar ikkje at Naturvernforbundet kan gjera det same. Foto: Anders Veberg

– Store verdiar på spel
Engasjementet for å hindra utslepp av gruveavfall i Førdefjorden er stort, og Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet har eit håp om at dei klarar å snu avgjersla.

– Det er store verdiar som står på spel i ein rein og rik fjord. Noreg brukar allereie millionar av kroner i året på å rydda opp i gamle miljøutgifter. Å pøsa ut nye miljøgifter samstundes som me brukar millionar på det gamle, høyrer ikkje heime nokon plass, seier Haltbrekken.

Natur og Ungdom reagerte raskt på avgjersla om Førdefjorden, med å lova sivil ulydnad og å rasla med lenkene. Det forstår Haltbrekken godt.

– Naturvernforbundet har ikkje brukt dette som verkemiddel til no, men eg forstår godt dei som gjer det. Det er ikkje umogleg at me vil gjera det i framtida, kanskje også i denne saka, seier Haltbrekken.

 LES OGSÅ: Førde-politikar klagar sjødeponi inn til ESA

Faktaboks

17. april gjorde regjeringa vedtaket om å lata Nordic Mining driva gruvedrift på Engebø i Naustdal, og dumpa gruveavfallet i sjødeponi i Førdefjorden.

Gruvedrifta skal utvinna eit mineral som heiter rutil, som kan brukast i mellom anna tannkrem og til produksjon av titan. Prosjektet er venta å skapa 500 arbeidsplassar over heile landet.

Mange meiner likevel at konsekvensane av å forureina fjorden kan øydelegga fleire arbeidsplassar enn det skapar. Klima- og miljødepartementet forsikrar at dei har sett strenge miljøkrav til arbeidet.

Vedtaket har fått miljørøyrsla til å fresa, og reaksjonane er sterkare enn dei har vore på mange år. Natur og Ungdom har allereie lova å lenka seg fast for å redda fjorden, og det er ikkje umogleg at Naturvernforbundet gjer det same.

Det er frykta at gruveavfallet skal øydelegga mykje i Førdefjorden – mellom anna er denne delen av fjorden gyteområde for fleire fiskeartar, som pigghå og båtunge.

26. mai samla fleire hundre seg framfor Stortinget for å protestera mot vedtaket.