Ja, vi elskar norske røter
Norske rotgrønsaker er meir populære enn nokon gong. Vi nordmenn er heilt i verdstoppen i forbruk av rotgrønsaker.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I fjor auka salet av kålrot med sju prosent, og det har vore ein solid vekst for norske rotvekstar dei siste åra, viser tal frå Opplysningskontoret for frukt og grønt.
– Den norske produksjonen aukar kvart år, men alt går unna, og vi kunne selt meir, seier produktsjef Espen Gultvedt i Bama.
– Her i landet har vi i mange generasjonar ete raust med rotgrønsaker. Det er ikkje minst på grunn av naturgitte forhold, fortel informasjonssjef Britt Kåsin i Opplysningskontoret for frukt og grønt. Desse grønsakene veks i kjølig klima, og dei kan lagrast lenge. Dei inngår i den norske tradisjonsmaten, som regel i kokte variantar, eller som stappe.
– No ser vi at unge behandlar rotgrønsakene på både gamle og nye måtar. Tradisjonsmat som pinnekjøtt med kålrotstappe er på frammarsj. Unge liker å bake grønsaker i steikjeomnen, og dei lager purear og supper med stavmiksar, seier Kåsin.
LES OGSÅ: Trendy matauk