Ja til alderspoeng!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det er urettferdig at noen skal bli forbigått av mindre kvalifiserte personer bare fordi at de er eldre og har venta med å begynne å studere. Det er ikke riktig at det skal lønna seg å «nave» eller sitte i kassa på Rimi i et år, men det gjør det med dagens system», seier Peder Gjerstad, fylkesleder i Møre og Romsdal Unge Høgre i ein artikkel i Nettavisen 23. juni.

Vi i Grøn Ungdom meiner karakterar åleine ikkje kan måle lærelysta hos ein person. Vi oppmodar Unge Høgre til å få augo opp for dei fordelane ved alderspoeng som ikkje kan målast i pengar.

Karakterpress
Kven har ikkje sjølv kjent på karakterpresset? Legg også til fysiske eller psykiske vanskar, fyll inn presset knytt til vidare utdanning etter vidaregåande og tenk på kor ein då står.

Alle «veit jo» at om ein ikkje gjer det godt nok på vgs, så kjem ein kanskje ikkje inn på det studiet ein ønskjer. Elevar vert pressa – og pressar seg sjølve – til å prestere bra på skulen, skaffe ei solid utdanning, vere i god form, og lukkast sosialt. Aller helst skal alt dette skje samstundes.

Dette skapar eit unormalt og usunt press på dei unge. Å fjerne ordninga med alderspoeng vil i praksis tyde at om ein ikkje får gode nok karakterar, og ikkje har råd til å ta opp att fag, så er det ikkje sikkert at ein kan bli det ein har lyst til.

Unge Høgre skjer flust av norske ungdommar over same kam, når dei samanliknar det å ikkje vere nøgd med karakterane sine, og det å «nave», på den måten dei gjer.

LES OGSÅ: Avskaff grønt!

Late ungdommar?
Det er openbart at årsakene til at ein elev får «dårlege» karakterar er samansette. Det er slettes ikkje alltid slik at karakterane speglar kunnskapen eller evnene til eleven. I staden kan de ivere eit resultat av ei lang rekkje ytre årsaker. Det kan dreie seg om problem heime, mobbing, lærevanskar eller helseplagar. Kvar for seg, eller i sum, kan alle desse faktorane verke negativt inn på karakterane og fråværet til elevane.

Er det desse elevane Unge Høgre kallar late «navarar», som berre ventar på alderspoeng medan dei sug pengar ut av statskassa? Meiner verkeleg Unge Høgre at pengar og ressursterke heimar skal vere føresetnader for å ta høgare utdanning?

LES OGSÅ: Nei til karakterar i barneskulen!

Førstegongsvitnemål
Det verkar som om Unge Høgre meiner at elevane som søkjer med førstegongsvitnemål tapar på ordninga med alderspoeng.

Men – desse stiller jo i ein eigen kø, med eige karaktersnitt. Alderspoeng kan ikkje brukast i denne køen. Ordninga med to kvoter ved søk på studiar er eit godt tilbod for å få elevar direkte vidare på studiar etter avslutta skulegong.

Likevel er det altså slik at ikkje alle ønskjer eller er klar for å gå rett frå vidaregåande over på høgare utdanning. Skal vi straffe desse, og presse dei til å begynne å studere straks?

Ved å fjerne alderspoengordninga vil ein gjere gapet mellom dei som har gode karakterar frå vidaregåande og dei som ikkje har det, mykje større. Tek ein opp fag, slik at ein ikkje har førstegongsvitnemål lenger, auker poenggrensa til studie betydeleg.

For dei som ikkje kan velje anna enn å ta opp fag, er alderspoengordninga avgjerande. Ikkje berre for å gje dei moglegheita til å komme inn på det studiet dei ønskjer, men for å gi alle moglegheita til å vere likestilte somsøkjarar. Kanskje har berre Grøn Ungdom meir tillit til ungdommen enn Unge Høgre har? Vi trur i alle fall ikkje at unge menneske med vit og vilje utnyttar ordninga med alderspoeng ved å underprestere på vidaregåande.

LES OGSÅ: Hev stemma di, ikkje havnivået

Respekt for alle – uansett utdanningsnivå
Vi treng menneske med høg utdanning like mykje som vi treng dei som jobbar på Rimi, dei som tek imot uføretrygd grunna sjukdom, eller dei som studerer som godt vaksne. Det er ikkje berre høgt utdanna menneske som skal nyte godt av den norske velferdsstaten.

Det handlar om å sette pris på arbeidet og innsatsen menneska i landet vårt gjer. Å jobbe eit år i kassa på Rimi gjer ikkje eit menneske mindre verdt eller mindre kapabel til seinare å ta høgare utdanning. Vi trenger alle ungdommar, ikkje berre dei skuleflinke eller dei som har råd til å ta opp att fag. Alderspoeng gir fleire ungdommar moglegheita til å utdanne seg til det dei vil, når dei kjenner seg klare for det.

Dette er ikkje eit spørsmål om bortkasta pengar, men om like moglegheiter. Derfor seier Grøn Ungdom JA til alderspoeng!

Lise Mari Lorentzen, talsperson i Grøn Ungdom Troms.

Amalia-Louise Miniggio, styremedlem i Grøn Ungdom Tromsø.

LES OGSÅ: Meir disiplin i skulen