– Ikkje plass til to aviser i Nordhordland

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje plass til to aviser

Alt før sommaren kan styret til Strilen ha tatt ei avgjersle på om dei vil kutta frå dagens tre til to utgjevingar i veka, det stadfestar ansvarleg redaktør, Stig Elliott overfor avisa Nordhordland.

– Ingenting er avgjort

– Ingenting er avgjort, men vi er utfordra av eigarane våre til å sjå på korleis avisene skal vera i framtida, seier Elliott.

LES OGSÅ: Rammes hardt av annonsesvikt

Underforstått er at annonseinntektene sviktar. Dermed kan ikkje utgiftene vera som før.

– Då har vi jobba med korleis vi kan løysa det, mellom anna snakka om reduksjon i talet på utgjevingar, seier han.

Avgjerda kjem på eit styremøte i nær framtid.

Elliott seier han ser for seg fleire framtidsscenario.

LES OGSÅ: – Unge vil ha journalistikk

– Det eine er at ein kan fortsetja som før, då vert ein ikkje enormt mykje betre på nett. Når ein må laga avis tre gonger i veka, risikerer ein at ein gjer nettarbeidet når ein har tid. Det er ikkje den rette framtidsstrategien når ein veit at stadig fleire vil lesa stadig meir på nett, peikar han på.

Betalingsmur på nett

Difor meiner han at ein, i alle fall på sikt, må gå ned på talet på utgjevingar.

– Men då må ein bli betre på nett, seier han, og lovar meir aktivitet på Strilen sine nettsider i framtida.

– Vil det byrja å kosta pengar å lesa av isa dykkar på nett?

– Der må vi skula til konkurrenten vår. Om vi lukkar, kan dei lukka meir og. Men vi vil uansett auka frekvensen på nett, men då vil ein god del berre vera for abonnentar, seier han.

Det er tøffe tak i mediebransjen, annonseinntektene forsvinn og det er varsla at så mykje som 1000 journaliststillingar landet over kan verta kutta dei næraste åra. Avisene i Nordhordland slepp ikkje unna kutta.

LES OGSÅ: Kutter en halv milliard

Også i Strilen vil stillingar ryka, innrømmer redaktøren.

Klubben ser behovet

– Eg trur ikkje Strilen kjem til å ha same talet på tilsette om to-tre år, som i dag, seier han.

Men legg til at ingenting er avgjort enno.

Ketil Tjore er leiar av redaksjonsklubben i avisa.

– Vi ser behovet for å spara pengar, seier han.

Han trur dei kan unngå oppseiingar, og viser til at fleire av dei tilsette er over 60 år.

– Så om ein ser det over tid, er det mogleg å venta til folk går av uansett, peikar han på.

LES OGSÅ: Tøft år for Polaris

Frå 2007–2012 sit Strilen igjen med eit samla årsresultat på 3,75 millionar kroner. 2013-tala er ikkje styrehandsama, men Eliott seier det var eit godt år for dei. Men 2014 har starta tøft.

– Ikkje plass til to aviser

– Det er grunnen til at vi er utfordra av styret vårt til å sjå på framtidsstrukturen, seier han.

– Har Strilen ei framtid som avis?

– Ja, seier han kontant.

– Er det ei framtid for to aviser i regionen?

– Nei, det trur eg ikkje, seier han.

– Det kan vera ei framtid lenge, men det vil vera to aviser som vil slita kvarandre ut. Faren er at ein vert meir like, for ein har ikkje kapasitet til å skilja seg frå kvarandre, seier han.

Randi Bjørlo er redaktør i avisa Nordhordland. Ho meiner det er plass til to aviser i regionen.

– Men eg trur ikkje Amedia og Schibstedt har plass og råd til to aviser her, seier ho.

Ho meiner dei sit med nøkkelen.

– Det er dei som må gjera noko. Og det hadde vore fint om dei gav oss ei slagkraftig avis, i staden for to som framleis skal slåst år ut og år inn som vi har gjort i 40 år no, seier ho.

Millionkutt i Nordhordland

Avisa Nordhordland må kutta millionbeløp. Det betyr mellom anna at ei stilling i redaksjonen ryk, samt at ein kjem til å kutta i sidetalet. Men avisa skal framleis koma ut to gonger i veka.

– Korleis vil lesarane merka kutta?

– Eg håpar og trur at dei vil få eit produkt dei er nøgde med. Vi skal framleis laga god journalistikk, men kanskje ikkje dei svære oppslaga ein har vore van med, seier ho.

Nettbetaling er førebels ikkje eit tema.

– Etter kvart kan det koma hjå oss og, men det er ingen planar om det no, sjølv om det jo skjer andre plassar i konsernet, sluttar ho.

Les saka i Nordhordland!