Her er dei mest populære studia

Søkjartala for vidaregåande skule er klare for Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det mest populære studiet er studiespesialisering.

Teknikk og industriell produksjon, som er inngangsporten til arbeid i oljesektoren og maritim sektor, aukar og stort, og har gjort det sidan 2008. Elektrofag og service og samferdsel er andre fag som aukar klart.

Mindre populære er bygg-og anleggsteknikk, design og handverk og restaurant-og matfag, helse og sosialfag, som har stor reduksjon i søkjartala.

Musikk, dans og drama og media og kommunikasjon går og klart ned.

Det syner seg og at utanlandsopphald er populære, til dømes har USA-klassen som Øystese gymnas i Hordaland tilbyr klart auka søkjartala der.

Alle tre vestlandsfylka har auke i totale søkjartal, 134(2%) auke i Rogaland, 218(1,2%) auke i Hordaland og 42(omlag 1%) auke i Sogn og Fjordane.

Størst auke har dei sentrale områda, særleg Bergen i Hordaland.