Heile verda var samla for å høyra indiepop på Sunnmøre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå heile verda til Ørsta

Saka er henta med velvilje frå Møre-Nytt

Plasser tre akustiske artistar i eit slite naust på Bjørke, og folk går mann av huse. Britiske Benjamin Southworth er ikkje ein mann som treng å leite etter ord, men då han spelte i Notanaustet, i konkurranse frå skrikande måsar og bølgeskvulp, med gamle naustveggar som ramme og eit lyttande publikum som leita seg opp i hopetal for å få med seg konserten, då vart sjølv Benjamin ein mann av få ord.

Eksotisk
Oppskrifta er enkel, men genial. Primus motor Silja Haddal Mork, systera Ingvild og resten av familien har funne ein nisje. Ta det eksotiske og kombiner med det internasjonale, og folk kjem frå alle verdshjørne for å få ein smakebit. Då er det Bjørke som er sentrum, aksen som verda dreier seg rundt.

For det er unekteleg noko eksotisk over å spasere rundt i vesle Bjørke, og oppdage at heile verda er samla for å nyte indiepop, mellom kronglete gater og skoddelagde fjell. Det er ikkje noko du lett kan finne andre stader, men det gjer Bjørke til ein stad som mange finn.

150 artistar
Dette er tredje året at indiepop-festivalen vert halden på Bjørke. Det starta som ein veners-vener fest i 2014, men så har det balla på seg. I år søkte 150 artistar frå heile verda om å få vere med, 21 fekk ja. Festivalsjef Silja Haddal Mork er oppteken av at festivalen ikkje skal vekse seg ut av Bjørke. Ho er overvelda over responsen.

– Det var ikkje lett å velje ut kven som skulle få kome. Ryktet har nok spreidd seg om Bjørke. Folk har sett bilde frå tidlegare år. Stemninga og naturen appellerer til folk i regionen og i utlandet. Bjørke ligg ikkje akkurat langs ei bussrute eller ved ein flyplass. Folk må jobbe litt for å kome seg hit, og det gjer det heile meir eksotisk og magisk.

Inkluderande og vennleg
Indiefjord er ein frivilligbasert festival, og alle inntekter går til å betale for banda sine reisekostnader. Det er kjærleiken til musikken som er drivkrafta, og å få vise fram Bjørke og den norske kulturen, smelta saman med kulturen som deltakarar og musikarar tek med seg.

– Eg elskar indiepop. Då eg budde i London var eg mykje i dette miljøet, og var med å arrangere konsertar. Då eg flytta heim vart det eit stort sakn for meg. Det er eit veldig spesielt miljø. Det er inkluderande og vennleg. Musikken er ikkje-kommersiell og melodisk og veldig lett å like, men få veit om denne sjangeren. Det er kjekt å sjå at sunnmøringar og andre i regionen er i ferd med å oppdage kva dette handlar om, seier festivalsjefen.

Fullbooka
Om talet på artistar har auka, har også talet på publikum auka. Det har vore fullt hus stort sett på alle scenene og alle konsertane. Dei har brukt det Bjørke har å by på, og bygdefolket har også stilt opp og omfamnar festivalen. Scenene er Bakketunet, Notanaustet, Haukly og kyrkja.

– Her har vore flust av telt som er sett opp, ungdomsherberget har vore fullbooka, og i tillegg har vi alle frå området som gjerne kjem hit på dagsturar. Det er rett og slett fantastisk å sjå kor mange som kjem, etter den spede starten vi hadde i 2014. Eg tenkte kanskje at indiepop var litt for sært for folk flest, men det er det altså slett ikkje, seier ei glad Silja.

Parallelt univers
Og når ting har skjedd meir enn ein gong, er Haddal Mork-familien ikkje redde for å kalle det for ein tradisjon. Det vert altså meir indiepop på Bjørke i framtida.

– Vi håper å halde festivalen liten og vennleg. Talet på billettar er avgrensa. Vi ønskjer å ta vare på kjensla av å opphalde seg i eit parallelt, fredfullt univers, om det så berre er for ei lita helg. Det er det det handlar om, å få indiepopen til fjordane, sjå nye vennskap ta form og å få lytte til favorittmusikken vår. Det er vår lønn i dette.

Les meir:

I år fekk Indiefjord rekordmange søknadar frå artistar som ville spela – også frå New Zealand og Indonesia.

Om du startar sparinga no, kan du kanskje vera med på verdas dyraste festival neste år. Passet kostar éin million dollar.

Skal du på Øya i år? Slik får du ein nynorsk festival midt i Oslo!