Halvparten irriterer seg over elbil-fordelar
Ei ny undersøking viser at færre aksepterer den lange lista av fordelar for elbil-sjåførar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ei ny undersøking gjort av YouGov på oppdrag for If, ifølgje VG. Her irriterer heile 46 prosent av dei spurde seg over fordelane ved elbilar, mot 34 prosent så seint som august i fjor.
LES OGSÅ: Elbilar er eit pengesluk for ferjeselskapa
– Samanheng med kraftig auke
Informasjonsdirektør i If, Jon Berge, seier til VG at dei trur irritasjonen heng saman med den kraftige auken av elbilar i Noreg, og den raske utviklinga i teknologien.
– No når stadig fleire elbilar har dei same eigenskapane som vanlege bilar, føler folk at det blir urettferdig at dei har så mange fordelar, seier Berge til VG.
Blant fordelane for elbil-sjåførar er desse:
Å køyra i kollektivtrafikkfelt
Gratis ferje, ingen bompengar
Gratis parkering og lading på kommunale parkeringsplassar
Redusert årsavgift
Momsfritak og fritak frå eingongsavgift
I undersøkinga til YouGov er det tilgangen til kollektivtrafikkfelta som skapar mest harme. 49 prosent av dei som irriterer seg irriterer seg over akkurat dette.
LES OGSÅ: Tre av ti vil ha hybridbil