Grønt og etisk – også under juletreet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grønt og etisk under treet

Førjulstid – la kjøpefesten byrje! Eller gjer som dei to engasjerte ungdomsleiarane vi har snakka med, og strekk deg litt lenger for å gjere gåvefesten litt grønare og litt meir etisk.

Omtanke og opplevingar
Mari Gjengedal er leiar i Spire, Utviklingsfondets ungdomsorganisasjon. Gjennom året arbeider ho for ei rettferdig og berekraftig fordeling av verdas ressursar. At det er ferie og høgtid, tyder ikkje at prinsippa får segle sin eigen sjø.

LES OGSÅ: Unge lagar jul for einsame

– Eg skal som vanleg feire jul heime på Vestlandet med familien min. Ei god jul er etter mi meining ei tid for å ta det roleg, stresse ned, ete god mat og nyte kvalitetstid med dei ein er glad i. Kjøpehysteri eller utanlandsferiar høyrer ikkje jula til, i alle fall ikkje for meg, seier Spire-leiaren.

Her er hennar beste julegåvetips:

– Personleg tyr eg ofte til heimelaga julegåver. I vårt travle samfunn tykkjer eg noko av det trivelegaste å gi bort er gåver ein har putta tid og omtanke i. Som regel vert det mange heimestrikka huer, sokkar, pulsvarmarar og skjerf. Det er fine gåver som held i mange år, og i tillegg er jo strikking som medisin for sjelen. Elles likar eg til dømes å lage heimelaga konfekt, heimebrygga øl eller heimerulla ljos laga av bivoksplater. Bivoks luktar jo så godt!

Ifølgje Framtiden i våre hender ønskjer fleirtalet seg opplevingar framføre ting, til jul.

Opplevingsgåver er også noko som går att når Mari har lagt noko under treet. Ein tur på kino eller ein middagsinvitasjon kan vere ei fin og personleg gåve, meiner Spire-leiaren.

– Eg likar også å gi forbruksvarer som ein uansett alltid har bruk for, slik som matvarer. Då slår eg til med litt ekstra god kvalitet. Ein god økologisk olivenolje eller ei gåvekurv kjøpt på Bondens marknad er ting eg likar å gi bort. Då gir ein både ei fin gåve og ein bidreg til å støtte meir berekraftige produkt og alternative marknader, seier ho.

Nokre ting vil du derimot aldri finne under treet dersom Mari får bestemme.

– Noko eg aldri gir bort, er ubrukelege nipsgjenstandar, billige og uetiske klede, eller masseproduserte ting ein eigentleg ikkje treng. Dei medverkar til å ta opp plass og vert kasta eller går i stykker etter kort tid.

Her får du tips til fleire alternative julegåver!

Ein tanke som tel
Som talsperson for Grøn Ungdom, brukar Lage Nøst mykje energi på spørsmål knytt til klima, miljø og livskvalitet.

Hans beste tips til ei grøn og etisk jul er enkelt:

– Få tanken til å telle! I fjor gav eg heile familien min bilete av den materielle tingen eg eigentleg hadde tenkt å kjøpe til dei, og så donerte eg pengane det hadde kosta til å gjere det til eit direkte initiativ for å hjelpe ofre for den syriske borgarkrigen, fortel Nøst.

Ifølgje talspersonen sjølv, var det stor suksess.

– Lillebroren min fekk eit bilete av eit playstationsspel, borna i Jafra fekk dei 600 kronene. Han vart veldig glad! Situasjonen i Syria-området er framleis prekær, så det hadde ikkje skada om ein større del av pengane som skulle ha gått til Playstation denne jula, heller går til å styrkje den humanitære innsatsen der, seier Nøst.

Gatemagasin
Hanne Sofie Lindahl, leiar i Changemaker, føreslår som Mari å gi vekk heimelaga ting, også om ein ikkje sjølv er så flink med hendene.

– Eg tykkjer det er fint med heimelaga ting, og ikkje for mange gåver. Det vert fort litt mykje, og det tek fokuset vekk frå andre ting som er finare med jula. Eg kan ikkje skryte på meg at eg lagar alle julegåvene sjølv, men eg pleier i det minste å lage julekort på juleverkstader. Og julekort er hyggeleg å få uansett.

I staden for å lage sjølv, kjøper Hanne Sofie ting som andre har laga, og går mykje på julemarknader før jul.

– Brukte ting og klede er også gull. Siste tips er å gje vekk gatemagasin som =Oslo. Dei har ofte julenummer eller eigne julebøker, og ein kan samstundes gjere jula litt betre for nokon som i utgangspunktet ikkje går ei like hyggeleg jul i møte.