«Gleden med skjeden» går verda rundt

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Gleden med skjeden» går verda rundt

Knapt ein månad etter at boka kom ut i Noreg, er «Gleden med skjeden» selt til forlag frå ni land, melder VG. Og det er berre starten.

Even Råkil i Aschehougs Oslo Literary Agency fortel om ein vill bodkrig om rettane til boka mellom entusiastiske forleggjarar verda over, med over 100 førespurnader om boka så langt.

– Eg har ikkje opplevd noko liknande. Heile verda synest å vere desperate etter boka, seier Råkil til VG.

Han meiner kombinasjonen av fagleg tyngd og eit lett, tilgjengeleg og ungdomleg språk utan skam og fordomar er det som forklarer appellen til boka.

«Gleden med skjeden» er «ei engasjerande og viktig bok» som «skildrar både glede, kvardag og utfordringar med det å vere menneske», skreiv vår meldar. Les meldinga her: Når vulva slår seg vrang

Skreiv bok på fritida
Det er allereie klart at boka kjem ut i Israel, Sverige, Brasil, Nederland, Tyskland, Finland, Danmark, Italia og Spania. Det er også kome bod frå Frankrike, Australia, England og USA.

Forfattarane av boka, medisinstudentane Nina Brochmann (29) og Ellen Støkken Dahl (26), er overvelda av suksessen.

– Me er studentar som skreiv bok på fritida, og er ikkje vane med å ha pengar på bok, så det blir ei ny oppleving. Og så blir det jo utruleg morosamt å etter kvart kunna reisa rundt med boka vår. Det er rart å tenkja på at me kanskje skal sitja i Israel eller i Brasil og lesa frå «Gleden med skjeden», seier Brochmann til VG.

– Ikkje rart folkeopplysing slår an
Brochmann fortel at dei saumfór marknaden etter liknande bøker som tok føre seg «heile greia» om det kvinnelege underlivet, utan å finna noko. Trongen for ei bok som «Gleden med skjeden» er tydelegvis stor.

– Eg veit kor dårleg informasjon som finst om dette temaet i Norge, og det er nok ikkje betre i andre land. Difor er eg eigentleg ikkje overraska over at eit slikt folkeopplysingsprosjekt slår an, seier medforfattar Dahl til NRK.

LES OGSÅ: Verdas viktigaste bok lærer born om sex og grensesetting