Går imot ferjefri E39
Representantar i Miljøpartiet Dei Grøne meiner ferjefri E39 er uforsvarleg satsing.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først i Bladet Sunnhordland
I eit debattinnlegg på bt.no skriv fleire representantar i Miljøpartiet Dei Grøne (MPG) at ei gigantisk satsing på motorvegar og fjordkryssingar på Vestlandet er lite framtidsretta og uforsvarleg politikk, både av miljømessige og økonomiske omsyn.
LES OGSÅ: Fryktar ikkje prisauke
Partiet vil heller satsa meir på kollektiv trafikk, blant anna lyntog som kan knyta både Bergen, Haugesund og Stavanger saman i ein felles trasé vidare til Oslo.
Partiet meiner og at dei neste åra bør brukast til å kartleggja mogelegheitene for eit framtidsretta togtilbod på Vestlandet utan uakseptable naturinngrep.
LES OGSÅ: Satsar på grøne veljarar