Fulle klasse­rom, tomme blikk

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget stod først på trykk i Sunnhordland.

I 2016 fekk kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen innført ei fråværsgrense på 10 prosent, uansett kor mykje elevane protesterte.

Grensa vart sett for å hindra skulk og å motivera elevane til jamn innsats.

Men det skjer ikkje. Elevane er leiare enn nokon gong, og dei stiller opp sjuke på skulen og smittar andre.

I staden for å motivera elevane på skulen så legg grensa endå meir press på elevane, og press er noko elevane slit nok med frå før av.

Sjuke elevar i klasserommet
Ja, du ser kanskje fleire elevar i klasserommet, men kva godt gjer det når dei er så sjuke at dei ikkje klarer å følgja med på kva som blir sagt? I tillegg må ein betala kr 300 for å få legeerklæring og gyldig fråvære.

Fleire ungdomsparti har gått ut i media og kalla fråværsgrensa ein dropout-garanti. Dette er eg heilt einig i.

For viss det er sånn at du har mista standpunktkarakteren din i eit fag, kvifor skal du då orka å stilla opp i timane?

Fleire har og valt å ta eit privatistår, fordi dei veit at ei fråværsgrense på berre 10 % er noko dei ikkje klarer å halda seg til.

Ingen høyrer på oss
I Noreg har me demokrati. Det vil seia at folket skal få vera med og påverka. Sjølv om protesten mot fråværsgrensa har vore den største elevdemonstrasjonen i Noreg si historie, er det ingen som høyrer på oss.

Eg trur at me elevar veit meir om vår eigen skulekvardag og kva som skal til for at me stiller opp på skulen, enn kva ein 38 år gammal mann gjer.

For me har i alle fall gått på skulen dette tusenåret!

LES SAKA: Mindre fråvær med fråværsgrense