Frp-ar vil styrka nynorsken i Stavanger

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frp-ar vil styrka nynorsken

Fysikk utan matematikk?  Botanikk utan biologi? Utenkeleg for dei fleste.  Det er like urimeleg å tru at det faglege nivået i skriftleg norsk skal bli betre av å droppe sidemålsundervisninga.  Alle som har lært meir enn 2-3 språk er einige om dette: Terskelen for å lære og meistre eit nytt språk blir lågare jo breiare språkgrunnlag ein har frå før.  Kan ein fransk, lærer ein lettare spansk eller italiensk.  Har du teke jobben med å lære russisk har du eit godt grunnlag for polsk.

LES OGSÅ: 97 sider utan nynorsk

Nynorsk og bokmål er sidestilte språk i Noreg.  Framstegspartiet har ei forventning om at elevar som går ut av norsk skole skal ha ferdigheiter mellom dei beste i Europa.  Difor ønskjer fleire i FrP å styrke sidemålsundervisninga i Stavangerskolen i den kommande valperioden.  Prinsippet om valfridom står sterkt i FrP og det gjeld sjølvsagt også i høve til sidemål.

Sidemål har over tid vore på vikande front i storbyane våre. Det er difor svært positivt at H-Frp regjeringa har ei målsetning om å auke interessa for faget, ikkje minst for lettare å kunne lære framandspråk seinare i livet. 

LES OGSÅ: Frp-ar vil ha meir nynorsk

Innlegget var først publisert i Stavanger Aftenblad.