Førde-politikarar klagar sjødeponi inn for ESA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klagar til ESA-domstolen

Selskapet Nordic Mining fekk i førre veke grønt lys av regjeringa til å starte opp gruvedrift i Engebøfjellet og dumpe gruveavfall i Førdefjorden. Avgjerda vil gi nye arbeidsplassar i regionen, men har også vakt sterke reaksjonar.

LES OGSÅ: «Fortidsfylket»

Sju mot to
– Noreg har vedtatt EUs vassdirektiv. Det har vore ute på høyring i kommunar og fylket og stiller strenge krav for å garantere reint vatn, artsmangfald og naturelement, seier Norvall Nøringset (SV) til NRK.

Vedtaket i formannskapet blei fatta med sju mot to stemmer. Rådmannen skal avgjere om saka også må behandlast av bystyret.

Også Miljøpartiet Dei Grøne og Naturvernforbundet har bedt ESA-domstolen vurdere om gruveprosjektet er i strid med vassdirektivet. (©NPK)

LES OGSÅ: Regjeringa seier ja til sjødeponi i Førdefjorden