Folkemusikk til operascena

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er duka for ein folkemusikalsk festkveld når meistrane i norsk folkemusikk – og dans inntek Operaen i Oslo sundag 23. november.

LES OGSÅ: Nytt, norsk dansespråk på film

Kappast om Operaen
Kvart år møtes tusenvis av utøvarar frå heile landet for å tevle ­i tradisjonell folkemusikk og – dans på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Landskappleiken går av stabelen på Geilo 25.-29. juni, medan Landsfestivalen går føre seg i Steinkjer 16.- 20.juli.

I løpet av intense sommardagar vert vinnarar i spel, dans og kveding kåra etter knivskarp tevling. Til hausten samlast eit utval av desse meistrane i ei eiga festframsyning i operaen for fyrste gong.

LES OGSÅ: Vinn fram med folkemusikken

Aldersspenn i storstova
Framsyninga vil omfatta kring 100 noregsmeistrar frå heile landet i aldersspennet frå 12 til 80 år.  Publikum vil få oppleve alt frå spenstig hallingdans, eggjande hardingfele, eldre folkemusikkinstrument som langeleik og bukkehorn, til nyare instrument som durspel og trekkspel.

–Me har eit fantastisk mangfald som vi gler oss til å syne fram for fleire. Det vert stas å sjå og høyre dei beste utøvarane framføre slåttar, stev og dans i landets eiga storstove. På denne konserten får ein Noregs folkemusikktradisjonar i eit nøtteskal, fortel prosjektleiar i FolkOrg Rannveig Djønne, i ei pressemelding.

Den siste helga i november er Oslo staden å vera for alle folkemusikkentusiastar. I tillegg til festførestillinga i Operaen, vert det arrangert kappleik og stor dansefest på Riksscenen i Oslo.

–Me vonar nysgjerrige og interesserte frå heile landet tek turen til hovudstaden og blir med på festen, avsluttar Djønne.