Fleirtal for kristent forankra Grunnlov

63 prosent av dei spurde i ei ny undersøking meiner det kristne verdigrunnlaget framleis skal vere fastslått i Grunnlova.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtal for kristen Grunnlov

Målinga er gjort av Norstat for Vårt Land. Leiaren av Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, Marianne Aasen (Ap), er ikkje overraska.

– Eg trur dagens grunnlovsformulering med tilvising til «vår kristne og humanistiske arv» dekkjer det forholdet mange nordmenn har til religion og verdiar, seier ho.

30 prosent svarte nei på spørsmålet. Ja-sida har fleirtal blant veljarane i dei fleste partia, med unntak av dei som oppgir Raudt, SV eller Miljøpartiet Dei Grøne som politisk standpunkt.

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova vår?

Eit utval leidd av teologen Sturla Stålsett, leverte i januar ei utgreiing om ny heilskapleg trus- og livssynspolitikk. 13 av 15 medlemmer i utvalet tok til orde for eit meir radikalt brot mellom stat og kyrkje enn fjorårets avvikling av statskyrkja innebar. Det var då formuleringa om kristen og humanistisk arv vart teken inn.

Stålsett medgir at målinga kan tyde på at utvalet er i utakt med folkemeininga, men trur spørsmålet krev meir refleksjon og nyansar enn det eine spørsmålet. (©NPK)

Kva meiner du? Er det på tide at Grunnlova blir livssynsnøytral?