Fleire vil bli nynorskpraktikant

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK Nynorsk mediesenter har vore i drift i ti år. Per 1. juli har 100 nynorskpraktikantar fått opplæring som journalistar der, i nært samarbeid med NRK Sogn og Fjordane. Det skriv mediesenteret i ei pressemelding.

72 prosent av desse arbeider i dag i media.

Dei aller fleste i NRK
Dei fleste praktikantane hamnar i NRK. Heile 63 av dei 100 er i dag i statskanalen.

– Berre siste veka har fem tidlegare nynorskpraktikantar fått fast arbeid i NRK, nokon av dei etter mange år som vikarar. Nynorskpraktikantane har omdøme som dyktige og allsidige, og nynorskprosenten i NRK hadde vore endå lågare utan dei, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter i Førde i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Deler boktips på #lesesumar

Dei fem på kull 20 er nett ferdig med opplæringa og har fått seg vikariat eller tilkallingsjobb i Salongen og Kulturnytt i NRK P2, NRK Trøndelag, NRK Møre og Romsdal og NRK Sogn og Fjordane.    

Auke i søkjartalet 
– Trass i magre tider i media var det heile 54 søkjarar til kull 21, som startar på opplæringa i Førde 25. august. Så høge søkjartal har vi ikkje hatt sidan starten, den tid «alle» ville bli journalistar, seier Øvrebotten.

LES OGSÅ: Store skilnader i språkbruk

Ho har ikkje noko forklaring på kva som gjer at søkjartalet dobla seg frå kull 20 til 21.

Større mangfald
På det komande kullet med nynorskpraktikantar er det for fyrste gong ein praktikant som har kome til Norge som flyktning. Ho kom frå Libanon og vaks opp i Øystese i Hardanger, som ho reknar for heime.

– Det er viktig å syne at dei også kan vere nynorskbrukarar og at vi kan medverke til at det vert fleire fleirkulturelle i media, seier Øvrebotten.

LES OGSÅ: – Nynorske læremiddel må på plass

Ho tykkjer óg det er stas at det for fyrste gong er med ein nynorskpraktikant frå Troms, eit fylke der nynorsken ikkje er mykje brukt.

Dei andre på kull 21 kjem frå Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

– Det er fylka på Vestlandet som dominerer i søkjarbunken, fordi nynorsken står sterkast her. Men når høve byr seg det viktig å få inn folk frå dei delane av landet der han taper terreng eller aldri har fått fotfeste, seier Øvrebotten.  

LES OGSÅ: Margarin og alt det fæle i verda