Fleire vel akvakultur

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk som ikkje veit kva det er, tenkjer ofte med ein gong at fisk er ekkelt. Venene mine veit ingenting om kva eg jobbar med, fortel Linda Hauge Skaten frå Stord.

19-åringen er lærling på Sjøtroll havbruk sitt settefiskanlegg i nabokommunen Fitjar.

På det typiske spørsmålet om kva ho eigentleg gjer på jobb, svarar ho som følgjer:

– Eg matar fisken, passer på at han har det fint, ryddar og held orden.

Ut mot havet
Hausten for to år sidan byrja ho på akvakultur på Austevoll vidaregåande skule etter å ha teke Vg1 naturbruk. Den gong var dei sju stykker i klassen. Denne hausten ser kullet ut til å verte større, og på landsbasis er faget vorte meir populært dei siste åra.

I 2010 var det 44 elevar som kom inn på førsteopptaket på akvakultur, i år er talet meir enn dobla. Etter førsteinntaket har 117 elevar fått plass på Vg2 akvakultur.

LES OGSÅ: Ser føre seg ei maritim framtid

Naturbruk er det yrkesfaglege utdanningsprogrammet med færrast elevar, her går elevane for å fordjupe seg anten i jordbruk eller havbruk. Dei fleste som går Vg1 naturbruk siktar seg inn på gartnarnæringa. Men no skodar fleire unge ut over havet med merane, eller kara med settefisk.

På naturbruk på Austevoll har dei etter andreinntaket fått inn 29 elevar og har to på venteliste.

Aktivt næringsliv
På Austevoll vidaregåande har dei hatt jamn stigning på Vg2 akvakultur dei siste åra, etter at linja ikkje kunne starte opp grunna dårlege søkjartal skuleåra 2010/2011 og 2011/2012.

LES OGSÅ: Vidaregåande gir mindre kriminalitet

Rektor Vivian Bjånesø Horgen trur elevauken har samanheng med den marine rekrutteringssatsinga frå Hordaland fylkeskommune og at næringa sjølv har vorte meir synleg og frampå ovanfor ungdommane.

Millionsatsing
Sidan 2011 har Hordaland fylkeskommune nytta fire millionar på eit treårig rekrutteringsprosjekt innan marine fag. Med på prosjektet er Austevoll-, Fusa- og Sandsli vidaregåande skule, i tillegg til Sund ungdomsskule, som har fokus på å få bedrifter inn i skulen og elevar ut for å sjå.

Målet er å auke rekrutteringa til faga akvakultur, fiske og fangst og sjømat.

Denne hausten skal prosjektet evaluerast.

Kunnskapsløyse
Trond Wahl i Hordaland fylkeskommune har leia prosjektet. Han har tidlegare vore lærar ved Austevoll vidaregåande skule. Då han arbeidde der var linja fullsett, men seinare har søkjartala til akvakultur vore så dårleg at fylkeskommunen vurderte å leggje ned tilbodet. Eit forslag som vart behandla og nedstemt i fjor.

Ifølgje Wahl er kunnskapen om næringa blant folk flest er ‘formidabelt liten’.

LES OGSÅ: Opp til kvar skule kva elevane skal gjere

Han har vorte overraska når han har halde innlegg for lærarar, som spør om ikkje fisken er full i antibiotika.

– Då er me rett tilbake til 80-talet, meiner Wahl, som trur at mediedekninga kan ha si del av skulda for den labre interessa for næringa blant dei yngre. Han trur ikkje diskusjonane som måtte gå føre seg om oppdrett rundt middagsbordet mellom foreldre og born er udelt positive.

Vidare som veterinær?
–Næringa har mange utfordringar, men det er langt ifrå så svart-kvitt som media framstiller det, seier Wahl, som trur at det er mykje interessant for Playstation-generasjonen på ei flåte.

Det er ikkje berre fôring av fisk, men òg mykje forsking og biologi.

Lærlingen Linda vurderer allereie å gå vidare innan fiskehelse. Kanskje verte veterinær eller studere biologi.

LES OGSÅ: Kritisk til karakterkrav i vgs