≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: sidemål, Noregs Mållag

Fleire melder seg inn i Mållaget etter Høgre-vedtak

Noregs Mållag fortel om auka medlemstal etter at Høgre sitt landsmøte vedtok å fjerne sidemålskarakteren. 

Åsmund H. Eikenes
onsdag 15. mars 2017 16.10

Fleire melder seg inn i Mållaget etter Høgre-vedtak Magne Aasbrenn var skuffa over vedtaket til Høgre. Foto: Noregs Mållag

I helga vedtok Høgre sitt landsmøte å framleis gå inn for å avvikle ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. 

 – Når fleirtalet i Høgre vil fjerne sidemålet, fjernar dei kunnskap om kulturarv, identitet, språk og kultur både frå bokmåls- og nynorskelevar, sa ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, i ei pressemelding.

I dag skriv nestleiar Jens Kihl på Twitter at 34 personar har meldt seg inn i Noreg Mållag i dagane etter Høgre sitt landsmøte. 

Før helga skreiv Venstre-politikar Peder Lofnes Hauge det brennande innlegget: «Kunnskapsministeren er pokker så frekk»


Oppdatert: onsdag 15. mars 2017 16.35
Kommentarar



 
ANNONSE: