Fjoråret var godt for Nynorsk kultursentrum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aasen-tunets nest beste år

Publikumstalet passerte budsjettet med 38 prosent og enda på 28.700, går det fram av ei pressemelding. Institusjonen har no 17 tilsette i heiltidsstillingar i Ørsta og Ulvik

Olav H. Hauge-senteret i Ulvik kom i full drift frå september. I alt hadde senteret om lag 5.500 gjester i 2014, og både billettsal og butikksal blei betre enn budsjettert.

LES OGSÅ: – Meir sidemål fungerer betre enn fritak

Med 23.000 gjester i fjor blei året det nest beste i historia til Ivar Aasen-tunet. Berre i 2013 vitja fleire tunet. Både butikken og kafeen i Aasen-tunet selde for meir enn budsjettert.

Dotterselskapet Allkunne AS lagar digitalt innhald på nynorsk og er eitt av to redigerte leksikontilbod på norsk. Ved årsskiftet hadde Allkunne publisert om lag 15.000 artiklar.

LES OGSÅ: 2,2 millionar til Nynorsk avissenter

I fjor haust fordelte Nynorsk kultursentrum over 400.000 kroner i restmidlar frå Språkåret 2013 til seks ulike prosjekt som dekkjer både bokmål, nynorsk, samisk og kvensk. (©NPK)

LES OGSÅ: Eit «nytt» nynorskfylke er på plass