Fire mytar om norsk

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kronikken var først i Morgenbladet.

Alle bruker språket, og mange liker å meine noko om det – særleg om språkendringar og kva som er korrekt, ukorrekt, pent eller stygt språk. Men mange meiningar om språk har dårleg støtte i fakta. Her er fire påstandar om norsk som vi i Språkrådet ofte møter. Held dei vatn?

Test deg sjølv: Skjønar du bokmål?

– Det norske språket er i forfall. Folk skriv meir feil enn før.
Nei. Det skjer språkendringar heile tida, men det er ingen grunn til å tolke endringane som forfall. Inga ytring er eksakt lik ei anna – om du seier ordet ball ti gonger, vil både måten du formar lydane på, og høyrselsinntrykket vere ørlite grann ulikt kvar gong. Når eit barn lærer seg å snakke, konstruerer det lydsystem og grammatikk ut frå dei ytringane det høyrer rundt seg, og desse systema er ikkje nøyaktige kopiar av systema hos foreldra. Språkendringar blir spreidde frå individ til større grupper gjennom sosiale mekanismar, gjennom at nokre måtar å snakke på blir tillagde prestisje eller tolka som identitetsmarkørar. Språkendringar skjer til vanleg umedvite, og lèt seg berre unntaksvis styre. Foreldre som rettar på borna sine når dei seier sjino og sjøpe, har liten sjanse til å lykkast i lengda, om sj-uttale har prestisje, medan kj-uttale blir oppfatta som gammaldags. Språkrådet på si side normerer ikkje talespråk, men gir råd til nyheitsopplesarar ag andre som legg nynorsk eller bokmål til grunn for uttale i visse samanhengar.

Ideen om at språkendring er det same som forfall, er kanskje like gammal som språket sjølv. Ein grunn er at menneske er konservative vesen som er skeptiske til endring. Samstundes har skriftspråk i kultursfæren vår lenge hatt større prestisje enn talespråk. Endringar skjer i talespråket, og det kan ta tid før dei blir spegla i skrift. Vi skriv framleis hjelm og hjelpe, og vi har halde på den stumme t-en i huset og eplet. Om skriftspråket – og helst nett den versjonen av skriftspråket som ein vaks opp med – er det ideelle, blir fort alle endringar som bryt med dette, ei form for forfall.

Om folk generelt skriv meir feil enn før, er vanskeleg å svare på. Det som er sikkert, er at det er fleire som skriv enn før, og ikkje minst at fleire skriv tekstar som blir lesne av eit større publikum. Dermed blir feila meir synlege. Det heng òg saman med at den jobben korrekturlesarane gjorde før, nå blir gjord av retteprogram, utan at retteprogramma gjer jobben like godt som korrekturlesarane gjorde – ennå.

LES OGSÅ: Blir krim like bra på nynorsk?

– Norsk blir overfløymt av engelske ord.
Tja. Det er rett at engelsk er den viktigaste kjelda for nye ord som kjem inn i norsk. Nokon flaum er det likevel knapt snakk om. Det at ord frå andre språk blir tatt i bruk og i mange tilfelle integrerte i norsk, er verken noko nytt eller noko vi treng å frykte. I ein del tilfelle slår norske avløysarord som nettbrett, e-post og ståhjuling godt an. Dei engelske orda som går inn i allmennspråket, blir tilpassa norsk uttale og får vanlegvis norsk bøying. Også skrivemåten blir ofte tilpassa norsk rettskriving – det ser vi i eldre importord som kjeks, tøff og streik. Sjølv importord som etter offisiell norsk rettskriving skal skrivast som på engelsk, får ikkje sjeldan norsk skrivemåte i praksis; vi løftar ikkje  mykje på augebryna når vi møter skrivemåtar som kviss og dæsj. Krasj og krasje er delvis tilpassa norsk, men i skrift ser vi nesten vel så ofte dei enda meir uttaletilpassa formene kræsj og kræsje. Språkrådet ser positivt på slike tilpassingar, men dei bør skje i eit moderat tempo og ta omsyn til faktisk bruk i skrift og til reaksjonar frå publikum.

Noko vi derimot skal vere på vakt mot, er risikoen for at norsk går ut av bruk og blir erstatta av engelsk på visse område i samfunnet – det vi kallar domenetap. Dette er ein reell fare i delar av næringslivet og i delar av forskings- og utdanningssektoren. Det at norsk mistar posisjonen sin på viktige område, er uheldig for språkbrukarane, for det er alltid enklare å kommunisere på morsmålet enn på eit framandspråk. Om vi skulle kome dit at engelsk blir einaste språk i prestisjetunge samfunnssektorar, bør varsellampene lyse. Heldigvis er vi ikkje der ennå, og Språkrådet arbeider aktivt for å hindre at vi kjem dit, til dømes ved å stimulere og medverke til utvikling av norsk terminologi og fagspråk.

– Språkrådet avgjer kva ord det er «lov å bruke».
Nei. Ordval er ikkje eit spørsmål om påbod og forbod. Språkrådet har ikkje fullmakt til å godkjenne eller underkjenne ord eller uttrykk. Det hender folk vender seg til oss fordi dei har funne eller funne på eit nytt ord og vil ha det inn i ordbøkene. Til vanleg må eit ord ha vore i stabil bruk over ei viss tid før det blir ordbokført. Det er ikkje alltid lett å gjette kva ord som er døgnfluger, og kva for nokre som får meir varig feste i språket. Pappaperm og smarttelefon er nyord som har god sjanse til å få plass i ordbøkene, medan monstermast og oskefast stiller svakare, fordi dei er knytte til meir tidsavgrensa hendingar (men etterleddet -fast er blitt meir produktivt i det siste, jf. Kjos-fast, orkanfast, Ole-fast osb.). Om du har eit ord du brenn spesielt for, er det beste du kan gjere, å bruke det. Det er gjennom bruk at ord og uttrykk etablerer seg i språket, ikkje ved at eit organ gjer eit vedtak.

Det Språkrådet derimot gjer, er å godkjenne ordlister og ordbøker til bruk i skolen – men da er det skrivemåte og bøying vi ser på, ikkje utvalet av ord.

LES OGSÅ: No me skriver norsk

– Nynorsk og bokmål blir meir like.
Ja og nei. I eit historisk perspektiv har dei to målformene heilt klart nærma seg kvarandre. Det var da også offisiell politikk gjennom det meste av 1900-talet at dei skulle bli meir like. Tanken om styrt språkleg tilnærming blei i realiteten lagd på is på 1980-talet, og i 2002 vedtok Stortinget samrøystes at nynorsk og bokmål skulle normerast på sjølvstendig grunnlag, utan sideblikk til den andre målforma. Den siste rettskrivingsreforma for bokmålet, i 2005, førte den målforma litt lenger unna nynorsk. Med nynorskreforma i 2012 kom nynorsken på nokre punkt nærmare bokmål. Til grunn for begge desse reformene, men særleg den i 2012, låg oppdatert informasjon om kva former som faktisk er i bruk i tekstar. Det at vi nå har tilgjenge til store, søkbare tekstdatabasar som stadig blir oppdaterte, gir Språkrådet eit mykje betre grunnlag enn før til å gjere vedtak om rettskriving og bøying.

Rettskrivinga for dei to målformene skal liggje fast i dei komande åra, men Språkrådet kan og skal gjere mindre justeringar der vi ser det trengst. Vi skal følgje med når nye importord festar seg i språket og syte for at dei får høveleg og konsekvent rettskriving og bøying. Vi skal rydje opp i rettskrivinga der det er inkonsekvensar eller unntak som ikkje har støtte i faktisk språkbruk. Og til grunn for arbeidet vårt med normering ligg solide kunnskapar om språk generelt og norsk språk spesielt, saman med eit stort og balansert faktagrunnlag.

Test deg sjølv: Kjenner du strileorda?