Filosofisk til middag

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no vil finna verdas beste nynorske blogg. Kvar veke presenterer me ein ny kandidat, og denne veka er det Helge Torvund sin minimalistiske «bløgg» filosoFISK me trekkjer fram.

Les fleire gode nynorske bloggar her

– Eg er ærleg talt overraska, og sjølvsagt glad, seier Torvund sjølv om nominasjonen.

– Eg tenkte nok at denne skrudde nettsida ikkje heilt ville smette inn i båsen "blogg". Så eg kalla den likegodt "bløgg" frå starten av, det var fiskerelatert og litt snodigt. Men etterkvart har jo filosoFISK etablert seg som eige omgrep og står nå trygt på eigne fiskebein, held han fram.

Du kan vitja nettsida til Torvund her – filosoFISK.no

Darwin og kysten

Filosofisk.no har ein minimalistisk utsjånad, og pøsar ikkje på med lange innlegg heller. Kvar fredag kjem det ut tre nye teikningar frå Torvund, med eit par setningar som følger med. Første filosoFISK kom ut 11. mai 2013. Til ei kvar tid er det berre tre teikningar som ligg oppe på sida, som blir bytt ut kvar veke.

– Det fungerer bra. Nysgjerrigheita vert halden ved lag.

LES OGSÅ: Margarin og alt det fæle i verda

Teikningane har alltid eit maritimt tema – som tittelen på sida og siktar til.

– Eg har eit kystlandskap som utgangspunkt. Ikkje heilt ulikt Ognastranda der eg bur, kanskje, så nyttar eg faste element; ein filosoFISK som er ein naken menneskeskropp med fiskehovud, som er det motstette av havfrua som har fiskekropp og menneskehovud. Teksten kan spela direkte på ting i biletet eller stå i kontrast til det. Nokre gonger trur eg me kan seie at lesaren må leite litt for å finne lenka mellom dei.

Skil skildrar Torvund sjølv bloggen sin.

LES OGSÅ: Skeivt blikk på ny kvardag

Målet, eller ikkje målet

Kvifor bloggar du?

– Dette var ein idé som eg hadde hatt ei stund. Denne typen teikningar kan ein finne mellom diktmanusark i mine gamle papir heilt attende til tida eg budde i Schweigaardsgate 92 i førre hundreåret. 

Kva er målet med blogginga?

– Målet er nok ikkje minst å få folk til å smila. Men me har eigentleg ikkje noko namn på den fasen der eit smil nett er i ferdmed å forlata eit andlet. I den fasen kjem visse refleksjonar gjerne dansande gjennom lufta og landar ein eller annan stad.Det er å prega denne tilstanden av ettersmil/fortanke som er mitt mål. 

Men eigentleg likar ikkje Torvund å fokusera så mykje på målsetjing

– No vert det mykje snakk om mål her. Eg er eigentleg sterkt i mot mål, og trur at mål kan vera øydeleggjande for kreativiteten mange gonger. Ein må bare setja i gang og sjå kva som skjer. Ein vandrar ut i det ukjente. 

LES OGSÅ: Går og bloggar Noreg på langs

Æda Bæda

Torvund gjer ikkje all jobben sjølv. Han får hjelp, og er godt nøgd med ordninga. Fotograf og webdesigner Morten Brun får mykje av æra for at filosoFISK kom til verda.

– Utan han, ingen filosoFISK, det er heilt klart. Han forstår kva eg meiner med "estetisk reint", og, ja, han forstår eigentleg det meste før eg har fått sagt det. Me har eit glimrande samarbeid. Eg bare levere tekst og teikning, og han gjer alt arbeidet.

Snart kan og filosoFISK ta steget ut av PC-skjermen, på same måte som den første landbaserte skapningen tok steget ut av havet for mange millionar år sidan.

– Eit forlag har sagt seg interessert i å gje ut ei bok med eit utval på 111 av dei til neste år. Ein kan aldri vite korleis det vert, seier Torvund. Han vil ikkje avsløra meir om bokplanane enn det.

LES OGSÅ: Kulturpris til Helge Torvund

Om, eller når, filosoFISK kjem i bokform, gler hans eg til å peika nase til dei som sa nei før. Blant anna Stavanger Aftenblad, som Torvund presenterte idéen for tidlegare.

– Dei vendte tommelen ned. Uhøyrt, sjølvsagt, men verst for dei. Eg reknar med at eg ein dag skal sende ei bestseljande bok med filosoFISK til den dåverande redaktøren som eit lite æda bæda!

LES OGSÅ: Eit lite stykke Polen

Opne sansar og strålande intelligens

Kor mange vitjar bloggen?

– På nokre fredagar når me legg inn nye, kan det vera opp mot 300 som er inne og les og ser. Varierande tal resten av veka. Men ein må hugse på at kvar einaste er eit menneske med opne sansar og strålande intelligens, sensitive skapningar med sans for vidd og vemodige strender.Me kan ikkje telja filososofi. Og i poesien vert ofte 2 + 2 bortimot tre tusen. Så det er ikkje godt åseie, forklarar Torvund om lesartala.

Tips oss om gode nynorske bloggar her!

Faktaboks

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.

• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.

• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)

• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.