Festivalar skaper store ringverknader

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vossajazz, Festidalen i Kvinnherad, Tysnesfest, Utkantfestivalen i Gulen og Malakoff på Nordfjordeid har alle takka ja til å vere med i studien som har munna ut i rapporten «Kultur og kommers – en studie av fem musikkfestivaler i Hordaland og Sogn og Fjordane». Rapporten blei presentert under musikkbransjetreffet Blest i Høyanger i helga.

– Festivalar er happeningar – og organisasjonar – som er drivne av stort sett ein, av og til to personar, som har litt lønn for det og handterer budsjett opp mot 15 millionar kroner. Dei skaper ringverknader som er estimert til opp mot 8 millionar kroner. Dei er ganske store bedrifter drivne på entusiasme og litt lønn, seier Jostein Ryssevik. Han er dagleg leiar i analyseselskapet ideas2evidence og har laga rapporten saman med Malin Dahle.

LES OGSÅ:Åtvarar mot veksesmerter i festival-Noreg

Vil synleggjere verdiar

Det er Brak, ein interesseorganisasjon for musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane, som har teke initiativ til studien. Bakgrunnen er at fleire festivalar ytra ønske om å få synleggjort verdiane dei skapar i krone og øre – i tillegg til å bidra til lokal identitet, engasjement og frivillig innsats.

For å vurdere dei økonomiske ringverknadene festivalane har i lokalmiljøa sine har analyseselskapet sett på festivalorganisasjonens eiga verdiskaping og forbruket til tilreisande som kjem på grunn av festivalen.

– Ringverknadene, målt som auke i verdiskapinga i den lokale økonomien, er berekna til vel 8 millionar for Utkant, vel 7 millionar for Malakoff, vel 6 millionar for Tysnesfest og Vossa Jazz og i underkant av éin million for Festidalen, fortel rapporten, der det blir understreka at tala er grove estimat.

Høge tal, synest dagleg leiar i Brak, Karen Sofie Sørensen.

– Som det står i rapporten, 6-7-8 millionar i eit lokalsamfunn er ganske betydeleg. Samtidig blir ringverknadene avgrensa dersom det ikkje finst lokalt næringsliv som kan nyttiggjere seg av at det kjem 20.000 gjester, seier ho.

LES OGSÅ:Vestlandet på festivaltoppen

– Må ha tilbod

Det som særmerkjer ringverknadene rundt festivalane er at dei er baserte på at festivalane dreg mykje folk i ein kort periode, viser Ryssevik til.

– Det har fordelar, men også ulemper. Mange stader er det lite å bruke pengar på, og mange bur privat. Det er til dømes stor skilnad mellom Uskedalen og Voss, kommenterer han.

– Når vi likevel ser såpass betydelege økonomiske ringverknader, spreier dei seg på relativt få næringsverksemder. Det er nokre få butikkar og enkelte hotell som får nytte av ringverknadene, fortel Ryssevik.

LES OGSÅ:Kva treng du for å lage festival?

Stor frivillig innsats

Både Sørensen og Ryssevik legg vekt på at festivalane også har ei sosial og samfunnsmessing betydning for kommunane som husar dei. Velfungerande festivalar kan styrkje den lokale identiteten, samhaldet og sjølvtilliten i lokalbefolkninga, heiter det i rapporten.

– Når det gjeld effekt for tilflytting og fråflytting er det vanskeleg å finne eit godt empirisk belegg for dette. Men ut frå det vi har sett, trur vi at festivalane har betydning, seier Ryssevik.

Han meiner det òg er viktig å få fram verdien av den store av frivillig innsatsen som festivalane mobiliserer. Sørensen legg i tillegg vekt på at kompetansebygginga som skjer lokalt i tilknyting til festivalane, har ein verdi.

LES OGSÅ: Manglar eigen festivalpolitikk

(saka held fram under bildet!)

Tysnesfest selde 23.000 billettar i 2014. Dei har plass til fleire på konsertane, men har sett tak på kor store dei vil veksa. Her er det Oslo Ess som spelar på Tysnessåto 753 meter over havet. Foto: Tysnesfest

Kortreist besøk

Av dei fem festivalane i studien er Tysnesfest og Malakoff dei største, Festidalen den klart minste. At festivalane er ulike på mange måtar gjer at det ikkje nødvendigvis er så naturleg å samanlikne dei, påpeiker Sørensen. Det dei likevel har til felles er at hovudtyngda av besøkjande kjem frå nærliggjande område. Malakoff på Eid er den festivalen som når breiast ut geografisk, ifølgje rapporten. At dei fleste publikummarane er relativt kortreiste, har ei positiv side, meiner Ryssevik.

– Om alle konkurrerte om det same publikummet, ville fleire ha slite, seier han.

I Hordaland og Sogn og Fjordane er det i dag kring 40 festivalar. Nettopp det at dei i liten grad konkurrerer med kvarandre, at dei fleste har bygd seg opp steg for steg, har eigen profil og godt publikumsgrunnlag gjer at Sørensen har tru på festivalane i dei to fylka – sjølv om naturlege utskiftingar vil skje.

– Dei er liv laga så lenge dei har ein identitet, profil, lokal forankring eller ei sjangermessig spissing, seier ho.

Både Brak og dei fem festivalane skal no ta med seg resultata frå studien i det vidare arbeidet sitt.

LES OGSÅ:Ordførarar vil kjempe for festivalstøtte

Nokre tal for dei enkelte festivalane:

* Vossajazz. Arrangert sidan 1973. Publikum: 12.000 (2015). Sju av ti publikummarar frå Hordaland, 32 prosent frå Voss, 30 prosent Bergen, nær ti prosent frå Oslo. Dagsforbruk publikum (minus overnatting og billettar): 671 kroner.

* Utkant. Arrangert sidan 2007. Publikum: 16.000 (2015). Knappe ti prosent av publikummarane kjem frå Gulen, dei fleste kjem frå nærliggjande kyst- og øykommunar sør og nord for fylkesgrensa, men også frå Bergen. Dagsforbruk publikum (minus overnatting og billettar): 641 kroner.

* Malakoff. Arrangert sidan 2003. Publikum: 20.000 (2015). Vel halvparten av publikummarane frå Sogn og Fjordane, 20 prosent frå Hordaland, ti prosent frå Møre og Romsdal, kvar tiande frå heimkommunen Eid. Dagsforbruk publikum (minus overnatting og billettar): 553 kroner.

* Festidalen. Arrangert sidan 2003. Publikum: 4.500 (2015). Vel halvparten av publikum frå Kvinnherad, vel 80 prosent frå Hordaland 13 prosent frå Bergen, 6 prosent frå Stord. 9 prosent frå Rogaland. Dagsforbruk publikum (minus overnatting og billettar): 384 kroner.

* Tysnesfest. Arrangert sidan 2007. Publikum: 26.000 (2015). 40 prosent av publikum frå Bergen, 12 prosent frå Os og Stord, 15 prosent fastbuande, 15 prosent frå andre fylke enn Hordaland. Dagsforbruk publikum (minus overnatting og billettar): 362 kroner.

(Kjelde: «Kultur og kommers – en studie av fem musikkfestivaler i Hordaland og Sogn og Fjordane» av Jostein Ryssevik og Malin Dahle i ideas2evidence) (©NPK).

Faktaboks

Nokre funn frå rapporten:

* Til saman genererer dei fem festivalane eit samla behov for 65.000 overnattingsdøgn. Berre kvar tiande overnatting skjer på hotell eller pensjonat.
* Til saman legg publikum ved dei fem festivalane i igjen rundt 8,7 millionar kroner til overnatting. Summen av anna forbruk (minus billettinntekter) er på cirka 45 millionar kroner. Dagskonsumet er i snitt på rundt 500 kroner.
* Ringverknadene, målt som auke i verdiskapinga i den lokale økonomien, er berekna til vel 8 millionar for Utkant, vel 7 millionar for Malakoff, vel 6 millionar for Tysnesfest og Vossa Jazz og i underkant av éin million for Festidalen.
* Vossajazz og Festidalen har høgst del private sponsorinntekter, 20 og 15 prosent.
* Vossajazz er i ei særstilling når det gjeld offentlege tilskot, 42 prosent av omsetnaden stammar herfrå. For dei andre ligg delen mellom to og fem prosent.
* Inntektene som stammar frå billettsal varierer også, frå 90 prosent for Utkant til 35 prosent for Vossajazz.

(Kjelde: «Kultur og kommers – en studie av fem musikkfestivaler i Hordaland og Sogn og Fjordane» av Jostein Ryssevik og Malin Dahle i ideas2evidence).