Etterlyser kompetente musikklærarar

Leiar i Musikernes Fellesorganisasjon er uroa for kvaliteten på musikkundervisninga.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Halvparten av lærarane i musikk har inga fagleg fordjuping i faget, seier leiar Hans Ole Rian i Musikernes Fellesorganisasjon.

Han er uroleg for kvaliteten på musikkundervisninga.

– Dei som har fagleg bakgrunn er dei eldre lærarane, og færre og færre i den yngste generasjonen satsar på fordjuping i musikk, seier han til Vårt Land.

Han fryktar difor at situasjonen vil bli endå verre om nokre år.

LES OGSÅ: Sender musikalske landeplager til regjeringa

Tal avisa har henta inn, viser at berre 41 prosent av dei yngste lærarane har studiepoeng i musikk.

Rian meiner PISA-undersøkingane fører til at fag som er lette å måla blir prioriterte på kostnad av estetiske fag. Det vil til dømes seia fag som matte og norsk.

Det meiner han er svært uheldig. Han oppmodar foreldre til å stilla krav til skulen også i dei estetiske faga.

Vårt Land har også kontakta Kunnskapsdepartementet om saka. Departementet viser til at dei har sett i gang ei nasjonal satsing på vidareutdanning i norsk, matte og engelsk, og meiner dette vil gje kommunane større rom til å prioritera å byggja kompetansen til lærarane i andre fag.

LES OGSÅ: Konsert + høglesing = ?