Energibevisste ungdomar til NM

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

18 føretak skal konkurrere om EnergiDesignprisen på NM for Ungdomsbedrifter.

3. og 4. mai er det NM for Ungdomsbedrift på Noregs Varemesse på Lillestrøm. 74 ungdomsbedrifter frå heile landet skal konkurrere i 17 ulike kategoriar, der i blant EnergiDesignprisen – i samarbeid med Enova. Her er nokre av ungdomsbedriftene som deltek på NM:

Gloop UB vart kåra til Beste Ungdomsbedrift i Sør-Trøndelag, og om tre veker pakkar dei kofferten for å reise til NM på Lillestrøm. Ungdomsbedrifta skal gjere born i alderen 4-7 år meir medvite på kjeldesortering ved hjelp av ein morosam og underhaldande læringsmetode. For å nå fram til dei unge har føretaket utvikla eit skodespel, to songar og eit hefte med informasjon og konkurransar – alt med tema kjeldesortering.

– Årsaka til at vi kom med er at vi har eit framtidsretta konsept. Vi gjer det klart kor viktig det er å sortere søppel tidleg ved å gå inn i barnehagen. Ingen har gjort det før, seier dagleg leiar Eirin Buklev i eit intervju med Melhusporten. Ho meiner det er alt for mykje fokus på at vaksne skal sortere søppel.

– Når 4-7-åringar i dag sjølv blir foreldre, håpar vi at dei kan kjeldesortering og kan bli flotte miljøførebilete for borna sine.

Papir Pose UB frå Mesna vidaregåande skule er ei anna ungdomsbedrift som har kvalifisert seg for NM med eit miljøprodukt. "Det er er ikkje eit nytt produkt. Det er ikkje ein ny idè. Det er ein ny sjanse". Dette er slagordet når dei jobbar for å få marknaden til å bruke papirposar i staden for plastposar.

Energidesignprisen blir delt ut i samarbeid med Enova. Prisen går til ei ungdomsbedrift med produkt som kan hjelpe med å redusere energibruken, som tek i bruk, fremjar, utviklar eller vidareutviklar fornybar energi, eller fremjar haldningsskapande arbeid.

– Nyskaping og entreprenørskap er avgjerande bidrag for å løyse utfordringar innan energi og klima. Enova jobbar med mange ulike tiltak for å auke kunnskapen og forståinga av energi og klimarelaterte spørsmål, seier Nils Kristian Nakstad, administrerande direktør i Enova SF til ue.no.