Eksorsisme fascinerer og sjokkerer

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Djevelsk fascinerande

Filmen The Exorcist frå 1973 gav mange eit nytt forhold til det å stå i bru. Kven har vel ikkje snudd seg ein ekstra gong på veg ned trappa, og kjent suget i magen medan biletet av den besatte Regan flimra i fantasien, bakoverbøgd og krypande, som ein grusom demon?

Filmen var omstridd då den kom. Den britiske forfattaren og filmkritikaren Calum Waddel, meinte at det berre var dei blodige og ubehagelege sekvensane i filmen som gjorde den til ein suksess. Her i Noreg fekk filmen problem med filmsensur, og vart først godkjent etter ei lengre granskning i 1974.

Ein ungdomspastor i pinsekyrkja Salem åtvara då mot å sjå filmen.

– Dersom Exorcist vert sett opp i Oslo, vil vi stå utanfor kinolokalet og dele ut opplysingar om telefonkontaktar der folk kan vende seg etter førestillinga og få andeleg rettleiing og førstehjelp, uttala Matre i eit VG-intervju.

Tidlegare masterstudent i religionsvitskap Espen Morland ved Universitetet i Bergen har teke føre seg eksorsisme i tre skrekk-klassikarar: The Exorcist (1973), The Exorcist III (1990) og The Exorcism of Emily Rose (2005).

LES OGSÅ: Men spelelista mi får du aldri…

Forsking på eksorsisme
Eksorsisme eignar seg svært godt til skrekkfilm, skriv Morland. Tanken på at noko vondskapsfullt tek over både kropp og sinn er både morbid og fascinerande. At eit eldgamalt, nærast gløymt rituale er det einaste som kan utdrive dei mørke kreftene frå den besette både skremmer og fascinerer.

Historikaren Brian Levack, som har undersøkt skildringar av demonbesetting i Europa frå 1500-talet og utover, listar opp ei rekkje symptom som karakteriserer ein besatt person.

Ofte ville offera få krampeanfall, der dei rista, skalv, hutra, vreid seg og skumma om munnen.

Fysisk smerte, frå kjensla av nålestikk til krypande maur under huda, at armar og bein stivna fullstendig var òg blant skildringane. Det motsette kunne også vere tilfelle, der den besette vart enormt fleksibel, slik som Regan iThe Exorcist, når ho kjem krypande ned trappa i ei bru, som ein menneskeleg edderkopp.

Ofra for demonane kunne også få andre grusame symptom, som klumpar på storleik med egg som rører seg under huda, kroppsstivheit, valdelege anfall, og at ein talar på ukjende språk og på merkelege måtar.

Faste rituale
Eksorsisme er den rituelle utdrivinga av andar frå personar, andre levande vesen eller livlause objekt, skriv Morland. Dette ritualet vert alltid utført av spesialistar, som følgjer faste reglar. I Apostlenes Gjerninger 19:13, vert ordet eksorsist brukt om omreisande jødar, såkalla åndemanarar. I populærkulturen er særleg Den romersk-katolske kyrkje kjent for å gjere eksorsismeritual.

I 2012 kom den norskproduserte dokumentaren Eksorsisten i det 21. århundre. Regissør Fredrik Horn Akselsen følgjer den vatikan-godkjente eksorsisten José Antonio Fortea og Constanza, som søkjer hans hjelp for å driva ut demonar.

 

Dei fleste kulturar har demonar, med ulike tilknytte mytar. Desse er ikkje nødvendigvis vonde, men dei er som regel sterkare og meir langliva enn oss menneske. Vanlegvis er desse mytiske skapningane usynlege, men når dei tek andres kropp i si makt vert effektane synlege for oss.

LES OGSÅ: Mennesket er avhengig av rytme

Grekarane såg på demonane som ein type guddomelege vesen, som ikkje stod like høgt som gudane i hierarkiet. Men ein demon kunne også vere eit spøkelse eller ei sjel. I jødisk historie skada ikkje demonane menneska fysisk, men dei forstyrra deira spirituelle fred, freista dei til å synde, og øydela på den måten deira relasjon til Gud. I kristen mytologi stamma demonane frå falne englar, som følgde Lucifer, då Gud kasta han ut av himmelen. Her vert dei sett på som følgjarar av Djevelen.

Også eksorsismerituala varierer, skriv Modland. I jødisk eksorsisme er hovudverkemiddelet å oppgi verknadsfulle namn, eksempelvis på gode englar. Målet er å at demonane vert svekkja av desse namna, som anten vert brukt åleine eller saman med «Gud».

I 1614 gav den katolske kyrkja ut boka Rituale Romanum, som standardiserte eksorsisme-ritualet.

Ritualet kunne berre gjerast av katolske prestar.

Mindre blasfemiske med tida
Eksorsismefilmane masterstudenten har undersøkt vert mindre valdelege, blasfemiske og groteske over tid. Medan The Exorcistfrå 1973 er godt kjend for spesialeffektane, frå sminkinga av den besette Regan til framstillinga av symptoma og kreftene hennar, er det mindre verbal blasfemi i The Exorcist III frå 1990.

Den siste filmen, The Exorcism of Emily Rose,frå 2005, har endå mindre blasfemi og ingen spesielt valdelege sekvensar, ifølgje masteroppgåva. Den baserer seg på å skape ei uhyggjeleg stemning, framfor å sjokkere sjåaren.

LES OGSÅ: Kva var det med jødeparagrafen?

Morland finn også ei endring i korleis kjønnsroller framstår i filmane. The Exorcistfrå 1973 har ikkje nokon sterke kvinnelege hovudpersonar. Besatte Regan har sjølv mista kontrollen og er avhengig av hjelp frå den sterke, patriarkalske kyrkja, skriv han. Her er det mennene, og aller helst prestane, som er dei sterke, heilt i tråd med den kristne tradisjons oppfatning av kvinna som det svakare kjønn.

I den siste filmen, The Exorcism of Emily Rose er det derimot ein sterk kvinneleg karakter som er helten. Her er det ikkje ein mannleg eksorsist som reddar ei «jomfru i naud», men ei kvinne som reddar eksorsisten fader Moore. Kanskje har dei nær 30 åra mellom filmane gjort utslag i kvinnesynet som vert forfekta.

Lukkast ikkje
Mest interessant er kanskje Morlands konklusjon om sjølve eksorsismerituala i filmane. I ein ideell situasjon ville demonen bli driven ut og den besette frigjeven av eit slikt rituale. Men ikkje i nokon av dei tre filmane Morland har analysert, fungerer påkallinga av guddommelege krefter slik den skal.

For dei overtruiske kan det kanskje auke pulsen ytterlegare om ein tek med i betraktninga at forfattaren av The Exorcist sjølv trudde på demonbesettelse. William Peter Blatty, som forfatta både boka filmen er basert på og filmen sjølv, vurderte som student å bli prest i jesuittordenen, og var truande katolikk. Han undersøkte fenomenet med besettelse nøye, og i eit intervju med regissøren av filmen, innrømmer Blatty at han trur på demonisk besettelse og eksorsisme, men at han meiner det førekjem svært sjeldan.

Og Blatty stoggar ikkje der. I 2015 kom den 88 år gamle forfattaren med boka Finding Peter: A True Story on the Hand of Providence and Evidence of Life After Death. Boka handlar om Blattys son, Peter, som døydde av ein sjeldan sjukdom, berre 19 år gamal. Etter sonens død vart Blatty overtydd om at han sendte beskjedar frå «den andre sida». Historia skal visstnok kunne riste sjølv dei mest kyniske i blant oss…

Litt mørkt? LES OGSÅ: Forsking syner at vi vert glade av kattevideoar

Kjelde: «The Power of Christ Compels You!» En studie av eksorsisme i tre filmer. Espen Morland, UiB, 2014.