Ein solbrun og skitten reklamebransje

Karoline Steen Nylander, leiar i Press
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sola kjem fram meir og meir for kvar dag, endeleg litt sol og varme! Men med ein vår som vaknar, sluttar òg skuggesida av reklamebransjen å sove. Bikinisesongen har starta.

Kvart år sidan 2010 har me i Press delt ut Gullbarbie – ein pris til den som er best på å få ungdom til å føle seg verst. Vinnaren får ei gullakkert Barbie som pris for å vere ein reklame- eller medieaktør som sel gjennom  unødvendig seksualisering, gamle kjønnsroller eller einsidig ideal. I år vant Nettavisen, men ein av dei andre nominerte var Bik Bok. Og nå ser det ut til at det kanskje er dei som stikk av med prisen neste år.

For eit par dagar sidan sleppte Bik Bok si nye bikinisatsing, A Bikini A Day. Den siste veka har me fått inn fleire nominasjonar til neste års Gullbarbie på denne. Bik Bok har ei svært ung målgruppe. Trass det lagar dei likevel reklame som viser dei same typane om og om igjen. Dei viser einsidigheit også i si nye bikinisatsing.

LES MEIR: Her er dei nominerte til årets Gullbarbie

Sjølvsagt er modellane dei same som alltid. Blonde jenter med solbrun idealkropp. Dei smiler til deg med kvite tenner og sminka auge.  Dei vrir seg på bileta for å vise fram at dei både er tynne og har former på ein gong. Dei er OVERALT. Dei er på trikken, på bussen, på plakatar omkring i det offentlege rom. Og dei viser korleis ein kjem til å sjå perfekt ut om ein berre bruker deira heilt nye bikini!

De må ikkje misforstå meg her – det er ikkje slik at det er noko som helst galt med å vere verken solbrun, blond eller ha idealkroppen. Problemet oppstår når det einaste ein får sjå rundt seg, er akkurat det.

Heldigvis finst det eit stort mangfald av menneske i Noreg i dag. Det er høge og låge, tynne og store, solbrun hud, lys hud, mørk hud. Vi kler oss ulikt, vi liker ulike ting, vi ser ulike ut. Men det er ikkje det vi ser rundt oss i kvardagen. Om lag 5000 gonger kvar einaste dag ser du ulike bodskap gjennom reklame. Mange av desse bodskapane fortel deg noko om utsjånaden din: Korleis du skal oppføra deg som kvinne eller mann, kva du skal like ut ifrå kva for du er og ikkje minst kva som er ein utsjånad å strekke seg etter.

Ein av nominasjonane til neste års Gullbarbie lyder: «Jentene som er avbilda har såkalla ‘perfekte’ kroppar og er med på å støtte opp om eit kroppsideal som gir barn og unge eit heilt forvrengt syn på kropp. Eg blir rett og slett forbanna og provosert når eg ser ei slik framstilling i 2017.»

Me trudde Bik Bok hadde bestemt seg for å ta eit tak for mangfald, mindre einsidigheit og god reklame som ikkje får unge til å føle seg dårlege. Men det viser seg at vegen fortsatt er lang. Bikinisesongen er kick-starta med reklame som fortel unge korleis dei bør sjå ut. Det er ikkje ungdom som har skulda for at dei føler seg feil. Det er aktørar som Bik Bok og andre verdige nominerte til Gullbarbie.

Skjerp dykk, reklamebransje! Det er på tide å vekse opp og ta ansvar for problema de gir unge.

Les også dette innlegget frå i fjor: – Lat oss drite i sommarkroppen, skriv Rikke Næss