Du trur kanskje eg drøymer om mann og barn?

Nettside avslører tankane til ungdom gjennom over 100 år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei gamle elevprotokollane frå Greveskogen skule ved Tønsberg er børsta støv av. På nettsida ”Ungdom på nett! – eit tidsbilete” får me møta skuleungdom tilbake til 1895. Gjennom bilete, brev, elevaviser og møtereferat får ein interessante innblikk i kvardagen til ungdom gjennom over hundre år.

Storken
Tønsberg gymnasiesamfunn fekk etter kvart namnet Uglen og avisa som vart gjeve ut, Storken. Både jenter og gutar var aktive i samskipnaden. Den noko eldre elevforeininga Myrene, var berre for jenter.

Samskipnadene hadde jamlege medlemsmøte og gav òg ut sine eigne handskrivne aviser. Mange samfunnsaktuelle tema vart drøfta, og dei første møteprotokollane viser at både kvinnesak, avhaldssak, målsak og rettskriving stod på dagsordenen. Det viktigaste for Uglen var likevel det sosiale på skulen.

Fram til i dag
I 2010 hadde Ann Tove Manshaus og Erik Hesby samtalar med elevane i klassa for Kommunikasjon og Kultur på Greveskogen vidaregåande skule om bruk av nye medium.

Samtalane rører ved tema som skulekvardagen med PC og trådlaust nett, youtube, facebook, blogging, nettsjekking, personvern og framtidsdraumar. Med minneinnsamlingsprosjektet har elevane skapt ei digital kjelde for Vestfoldarkivet.

Gå til nettsida!