Dritarkvile

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var i førre utgava av Statsspråk, publikasjonen for dei av oss som er opptekne av språkbruk i staten (kor mange lesarar kan dei ha eigentleg?) at Språkrådet oppmoda oss om å bli med på namnedugnad. Det finst registrert ein snau million norske stadnamn i dag, men no vil dei altså få skrive inn så mange av dei attverande som råd, før dei eldre som hugsar dei blir borte. Kvar slåtteteig, vegstubb, varde, urd og hammar som ein gong har hatt eit namn skal sendast inn og vernast, til undring og glede for ettertidi.

LES OGSÅ: Her kan ungane namnet på kvar stein i bygda

Det var med denne artikkelen i minne at eg plukka opp eit ihopbretta A4-ark eg fann i ei kontorskuffe hjå bestefar min. «Stadnamn etter stølsvegen Råsåsen til stølen Skjær» var det noko omstendelege namnet på det tydeleg heimeprenta verket, og eg tok til å lesa meg nedover lista. Mellom Raudgald og Krusevolldokki sto det, namnet som fanga merksemdi mi: «Dritarkvile. Kvileplass og dostopp».

Det er noko med presisjonen, økonomien i namnet. Det har så mykje informasjon i dei fire, stutte stavingane; ein kan argumentere for at namnet i seg sjølv seier alt du treng å veta om staden det skildrar. Kor mange namn kan du seia det om? Eg bestemte meg der og da for at eg personleg skulle syte føre at namnet vart registrert som eit offisielt norsk stadnamn. Det kan hende eg tek munnen for full her, men eg innbiller meg at verdi blir ein litt betre plass den dagen me kan søkje opp Dritarkvile på Google Maps. Igjen — det kan hende eg tek feil.

Stadnamn, tenkjer me, er noko ærverdig, nedervt frå uminnelege tider, noko som alltid har vore slik og alltid skal vera slik. Det eg likar med denne dugnaden er at han tek sikte på alle desse smånamni som nettopp ikkje er slike. Alle dei som bestemor di eller oldefar din fann på ein gong, og som av ein eller annan grunn vart verande i bruk, kanskje av mangel på noko betre. Det er noko vakkert i det at desse, som sjeldan var tenkt brukt av nokon andre enn akkurat dei som budde på garden, skal få offisiell status.

LES OGSÅ: Slagferdig strilamål

«Likhella» er ein stad i Lærdalsfjelli. Attmed stølsvegen der ligg det ei rimeleg flat, mosegrodd steinhelle. Dei seier det vart lagt eit lik der ein gong. Der på hella. Så dei kalla staden Likhella, for det verka naturleg.

Litt ovanfor, langs same vegen finn me «Godvatn». Det er ei kjelde der, med drikkevatn. Godt vatn. Kvifor ikkje, tenkte dei, kvifor ikkje.

I fjor sommar bygde fetrane mine ein dostol i bakken ovanfor den vesle sankebui vår i fjellet, fordi me var leie av den groteske, blåe plastikkbøtta som har rådd grunnen dei siste tredve åri. Me landa på det litt høgvorne «Kongssete» da me skulle namngje ho, på grunn av høgdi i landskapet, den flotte utsikti og ein viss ironi med tanke på konstruksjonens formål. Eg tenkjer at Kongssete er eit godt namn, eit namn som ettertidi vil finne både instruktivt og stemningsfullt, når dei leitar det opp i dei offisielle registeri.

Men eg innser no at Dritarkvile òg ville funka.

Test deg sjølv: Kan du sognemål?