Dette krevjer ungdomspartia frå Statsbudsjettet

Før Statsbudsjettet i morgon har KrFU og Unge Venstre konkrete krav.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ønskelista til ungdomspartia

Onsdag legg Solberg-regjeringa fram sitt første statsbudsjett. Dei er avhengige av støtta til anten Venstre og KrF for å få fleirtal for å få fleirtal for budsjettet. Her er krava til ungdomspartia.

LES OGSÅ: KrFU imot homofile ekteskap

Tolererer ikkje skattekutt
Ungdomspartiet KrFU forventar at regjeringa gjev meir til bistandsfeltet i statsbudsjettet for neste år.

– Me vil ikkje tolerera éi krone i skattekutt dersom det vert kutt i bistanden, seier KrFU-leiar Emil André Erstad til Dagen. Bistand er og sentralt for Unge Venstre, som vil sjå konkrete tiltak for Syria, samt ei satsing på Vest-Sahara som no blir råka av ebola-viruset.

Som Framtida.no har skrive før er det ei hovudprioritering for KrFU å opna for 5000 fleire kvoteflyktningar til Noreg.

LES OGSÅ: Krev at Noreg tek imot fleire syrarar

Grøn semje
Erstad er derimot open for eit grønt skatteskifte, altså at det skal bli dyrare å forureina og billegare med miljøvenlege løysingar og satsing på fornybar energi. Dette er og Unge Venstre-leiaren Tord Hustveit samd i.

– Det viktigaste for oss er ei klar satsing på miljø. Me vil at det skal lønna seg å vera miljøvennleg, seier Hustveit.

Unge Venstre forventar og større satsing på grøn teknologi, der havvind er hovudprioritet.

– Me håpar me kan halda fram med satsing på ny fornybar energi i Noreg, og at me vidarefører arbeidet med CO2-fangst i ein eller anna form, seier Hustveit.

LES OGSÅ: «Eit av verdas rikaste land vil forby tigging»

Prevensjon og studentar
Hovudsakeleg er ungdomspartia til Venstre og Kristeleg folkeparti samde om kva dei forventar frå regjeringa sitt statsbudsjett i morgon. Det kan bety at nettopp desse krava kan bli viktige om statbudsjettet skal bli godkjens, sidan Høgre og FrP berre har fleirtal i Stortinget om KrF og Venstre er med dei.

Ungdomspartia trekk fram eit ekstra krav kvar. KrFU vil ha gratis prevensjon, for å få ned aborttala. Samstundes håpar Unge Venstre på ei satsing på studentøkonomi, slik at alle kan ta høgare utdanning uavhengig av inntekta til foreldra.

Statsbudsjettet vert lagt fram klokka 10 onsdag morgon.

LES OGSÅ: Dei raudgrøne foreslår medieforlik mot avisdød