≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Sosialistisk ungdom

– Det har aldri vore meir behov for SU enn akkurat no

Andrea Sjøvoll er nyvalt leiar i Sosialistisk Ungdom.

Svein Olav B. Langåker
tysdag 28. juni 2016 15.22

– Det har aldri vore meir behov for SU enn akkurat no Foto: SU

– Vi har ei regjering og eit arbeidarparti som trampar i takt for å føra Noreg til høgre. Det godtek ikkje SU! Då trengst det eit ungdomsparti med føtene godt planta på venstresida, seier Andrea Sjøvoll.

På landsmøtet i helga vart 24-åringen frå Bodø blei valt til ny leiar i Sosialistisk ungdom.

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– 1 av 10 norske kvinner har opplevd ein valdtekt, 2-gradersmålet nærmar seg med stormsteg og aldri før har det vore fleire menneske på flukt frå heimane sine – dette er ikkje noko ein kan sitja og sjå på. Å stå opp mot urettferdigheit og kjempa for rettane til barn og unge har alltid vore viktig for meg.

Du har tidlegare vore leiar i Press, ungdomsorganisasjonen til Redd Barna. Kva tek du med deg derifrå?

– Det å ha leiarerfaring frå før av gjer at eg går inn i rollen med litt større trygd. Eg er budd på at det kjem til å bli hardt arbeid, men eg veit òg at eg kjem til å læra innmari mykje og få vener for livet.

Som leiar i Press har Sjøvoll engasjert seg i barns rettar. – Eg kjem nok til å vie mitt engasjement til å kjempe vidare for ei verd der barns rettar er innfridd!

Kva må gjerast for å få fleire grøne industriarbeidsplassar?

– Vi skal bruka dei same kloke hovuda og dugelege hendene som i dag jobbar innanfor olja til å gå i bresjen for det grøne skiftet. I tillegg må vi investera i grøn industri slik vi gjorde med olja. Staten må investera og leggja til rette med gode rammevilkår slik at andre igjen kan investera.

Kva må endrast med bustadpolitikken, slik at fleire unge kan få høva til å kjøpa seg husvære?

– At alle skal ha ein stad å bu er eit politisk ansvar og då kan det ikkje vera slik at foreldra sine lommebøker skal vera avgjerande for kven som klarer å skaffa den første bustaden sin. Gode og passande bustader til alle er eit ansvar som må løysast i samarbeid mellom staten, kommunen, bustadssamvirke og andre bustadutbyggarar og -forvaltarar.

Kvifor vil du arbeidde for at fleire elevar på yrkesfag skal engasjerast i Sosialistisk Ungdom?

– SU har den beste politikken for yrkesfagselevar og lærlingar, og dei neste to åra skal vi ropa endå høgare om respekt for yrkesfag. Vi har i tillegg fleire sentrale tillitsvalde med røynsle frå yrkesfag og dei utfordringane lærlingar står overfor, som eg meiner gjev gode føresetnader for å verta det meste attraktive ungdomspartiet for lærlingar!

Yrkesfaga har lenge slitt med omdømmet. I 2014 svara nesten tre av fire under 30 år at bygg- og anleggsfag har låg status.

Men i 2015 søkte over halvparten av vidaregåandeelevane seg inn på yrkesfag.

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Vi må oppsøkja ungdom der dei er. Eg har til dømes planar om å reisa rundt på norske asylmottak i sommar for å møta ungdom der og høyra historiene deira. På den måten vil vi kunna utvikla den beste politikken. Samstundes må ungdom få klår melding om at det er gjennom å delta i politikken dei kan forandra samfunnet vi lever i!

Kva vert skilnaden på deg som leiar av Sosialistisk Ungdom og Nicholas Wilkinson, som no takkar av?

– SU har utruleg mykje å takka Nicholas for, han har gjort ein fantastisk jobb. Viss eg kan bli halvparten av det Nicholas er, skal eg vera veldig nøgd. Eg vil nok fokusera på litt andre sakar enn Nicholas, ha stort fokus på feministiske saker, asyl- og flyktningpolitikk, men halda fram på det gode arbeidet han har gjort på mellom anna skule- og arbeidslivspolitikk. I tillegg er han innmari mykje høgare enn meg!

Les meir:

Andrea Sjøvoll om aldersdiskriminering: «Malala er berre 17 år gamal. Det blir berre trekt fram som noko positivt. For norsk ungdom er det ofte motsett: Alderen gjer at me står bakerst i køen.»


Oppdatert: tysdag 28. juni 2016 15.52
Kommentarar



Faktaboks

Andrea Sjøvoll
• Alder: 24
• Skule/arbeid: Byrja på ein bachelor i sosiologi, men han må vel venta litt no
• Verv: Nyvalt leiar i Sosialistisk Ungdom, tidlegare feministisk leiar i SU og leiar i Press
• Medlem i: (utanom SU) SV, Press, Handel og Kontor og Folkeaksjonen for oljefritt LoVeSe blant anna
• Kva gjer du i fritida/hobby: Ser på TV-seriar og les bøker

 
ANNONSE: