– Det er berre vi menneske som kan gjere noko med klimaproblemet

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er berre vi som kan gjere noko med det

Debatten om klimaendringar er på god veg til å ta ein sentral plass i valkampen fram mot stortingsvalet i haust.

Medan ekstremvêret herjar og temperaturen stig, fyller Carl I. Hagen spaltemeter og radiobølgjer med klimaskepsis, og i haust krangla regjeringspartia om bensinprisar i staden for å gjennomføre tiltak som reduserer CO2-utsleppa.

Les kommentaren: Hagen tar feil om klima

Kjem vi forbi ein klimadebatt som berre er ja/nei-svar frå politikarane om dei trur på menneskeskapte klimaendringar?

– Ja, meiner Terje Wahl, avdelingsdirektør ved Norsk Romsenter og ivrig klimabloggar.

Tidlegare i vinter uttala han til Framtida.no at «vi er forbi punktet der vi diskuterer om klimaendringane føregår»‚ og meiner at debatten no handlar om kor raskt vi må iverksette tiltak for å redusere temperaturstigninga.

Folkeopplysning i kommentarfelta

bloggen sin diskuterer og forklarar Wahl målingar, endringar og oppdagingar. Kommentarane er mange og klimabloggaren fortel at han i hovudsak møter to ulike typar motstand.

Mange vil diskutere faglege nyansar, måleinstrument, nøyaktigheit og presisjon, og Wahl meiner at slike debattar bidreg til nyttig folkeopplysning. Den andre gruppa av motstandarar, dei som er fundamentalt ueinige i klimaendringane, har det blitt mindre av i dei siste åra.

– Tida der det var fundamentale og motstridande posisjonar i klimadebatten er i ferd med å bli mjukare, fortel Wahl.

Politikk før forskingsresultat
Han meiner det er eit problem at klimadebatten vert politisert, der synet på forsking vert ein konsekvens av politisk standpunkt.

– Folk er ueinige i politikken, og kjenner då at dei må vere ueinige i forskinga. Det vert litt som å seie «eg vil ikkje ha høgare bilutgifter, så då trur eg ikkje på global oppvarming», seier Wahl.

For korleis skal ein diskutere komplisert forsking på eit felt der klimapolitikken vekker sterke kjensler hos mange?

Løysingsorientering
Forskar Karen Moberg ved Vestlandsforsking anbefalar å kome med løysingsorienterte resonnement.

– Vi veit at bruk av fossil energi fører til auka mengd klimagassar i atmosfæren. Vi veit også at mengda klimagassar i atmosfæren har auka i takt med industrialiseringa av samfunnet, seier Moberg.

Ho held fram at sjølv om ein ikkje trur at menneska har skulda, så er det berre vi menneske som kan gjere noko med problemet.

– Dei auka mengdene klimagassar i atmosfæren trugar livsgrunnlaget på jorda om vi ikkje stoppar utviklinga. Verken stråling frå verdsrommet eller bidrag frå naturleg variasjon kan vi gjere noko med. Det einaste området der vi faktisk har kontroll og kan påverke er dei menneskelege bidraga til klimaendringane.

LES OGSÅ: Slik vil dei løyse klimakrisa

Alle må bidra
I eit globalt perspektiv må alle land bidra for at CO2-nivået ikkje skal halde fram med å stige like drastisk. Men kva betyr det om ein ungdom på Vestlandet tek bussen dersom resten av verda ikkje gjer sitt?

Moberg forklarar at dersom ein fordelar nasjonale utslepp på kvar av innbyggjarane er utsleppet per nordmann 11,7 tonn CO2 årleg. For ein kinesar er utsleppet 7,5 tonn CO2, og for ein indar 1,6 tonn CO2.

Alternativt kan ein rekne på utsleppa basert på forbruk, og inkludere utslepp i samband med produksjon i andre land. Her vert resultata kalla CO2-ekvivalentar. Også i ei slik utrekning kjem Noreg dårlegare ut enn Kina og India.

– Norske utslepp er ganske store samanlikna med andre land. Ein måte å redusere utsleppa på er å velje kollektivtransport framfor privatbil når ein skal flytte seg fra A til B, seier Moberg.

LES OGSÅ: Gullkysten kan vera ein klimaspydspiss

LES OGSÅ: På denne skulen skal elevane bli klimamedvitne gründerar