Desse avisene aukar mest

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag fekk aviser over heile landet to strekar under svaret om korleis 2011 har gått. I dag la nemleg Mediebedriftenes Landsforening fram opplags- og lesartala for 2011.

Utviklinga er den same som tidlegare. Laussalsaviser taper mest, medan abonnementsaviser klarar seg noko betre. Talet på lesarar går endå meir ned, sidan kvar avis blir lese av færre.

Nytt av året er at Dagbladet går fram med 0,9 prosent, medan VG taper 9,3 prosent.

Dagens Næringsliv gjekk fram med 2036 eksemplar, Klassekampen med tusen og Morgenbladet med 2728 eksemplar.

Opplagsvinnar
Dag og Tid, den nynorske vekeavisa for kultur og politikk, går også fram. Avisa auka opplaget med 391 eksemplar (4,7 prosent). Dag og Tid har no eit godkjent opplag på 8.729 eksemplar kvar veke. Redaktør Svein Gjerdåker kommenterer veksten slik:

– Me lagar ei variert avis med godt innhald og gode tekstar. Ikkje minst slepp me til mange forskjellige stemmer i spaltene våre. Svært mange av lesarane set pris på dette ved å fornya abonnementet sitt.

Stabilt for lokalavisene
Overt tid er opplagstala til lokalavisene stabile, sjølv om det samla avisopplaget for aviser tilslutta Landslaget for lokalaviser (LLA) går ned med 2,3 prosent det siste året.

Lokalavisene er likevel godt nøgde med tala.

– Lokalavisene står sterkt og vi knytar folk i bygder, tettstader og bydelar saman. Me følgjer kvarslivet, kulturlivet og ikke minst lokalpolitikken veldig tett. Det så me tydeleg i samband med siste kommunestyreval, då lokalavisene i lang tid før valget dekte lokaldemokratiet på ein brei og engasjert måte, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser i ei pressemelding.

Les den redaksjonelle rapporten til Framtida.no her!

Kva meiner du skal til for at avisene skal få fleire lesarar?