Den ukjente sabotøren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blant Starheims mannskap finn me ein vesttele – Einar Skinnarland frå Rauland. Han vil til Storbritannia med informasjon om tungtvassproduksjonen på Vemork. Etter to dagar kjem dei seg trygt til Skottland, der den løynde, britiske militæreininga Special Operations Executive (SOE) trener soldatar til oppdrag i okkuperte område.

SOE fatta kjapt interesse for Skinnarland då det viste seg at han var godt kjent i Rjukan-området og kjente folk på innsida av Vemork.

Etter eit lynkurs i fallskjermhopping, som vil seia eitt einaste prøvehopp, vart han sendt attende til Noreg. 28. mars, berre 13 dagar etter han forlét Flekkefjord i SS «Galtesund», hoppar Skinnarland i fallskjerm i nærleiken av Møsvatn.

Han arbeidde på Møsvassdammen, og SOE ynskte han attende på arbeid før nokon merka han var vekke. Han skulle lytta til radiomeldingar frå London, og ta imot gruppa Grouse.

LES OGSÅ: Djupdykkar i tungtvatnet

Aksjonen slo feil
Fire soldatar, alle lokale som kjente området, vart sendt frå Skottland som Grouse-gruppa. Jens-Anton Poulsson, Arne Kjelstrup, Knut Haugland og Claus Helberg landa i nærleiken av Møsvatn 19. oktober 1943. Opphavleg var planen at Skinnarland skulle ta dei imot på våren, men planen vart utsett til hausten i vente på mørkare netter.

Grouse skulle gjera forarbeid for britiske soldatar som kom seinare. Denne gruppa, Freshman, skulle ta seg av åtaket på Vemork. SOE meinte at ingen i Noreg skulle vita om planen, ikkje eingong Skinnarland.

Éin månad etter Grouse-gruppa landa, kom Freshman. To bombefly drog kvart sitt glidefly frå Storbritannia. Bombeflya kom seg trygt attende, men glideflya krasja. Alle om bord omkom i styrten eller vart avretta av Gestapo. Problem med vêret og med navigasjonen gjorde at operasjonen var forfølgd med uhell.

Freshman-operasjonen inkluderte ikkje berre planar om å øydeleggja tungtvassapparturen, men også å øydeleggja elektrolyseanlegget.

Då planen slo feil, og sabotasjegruppa aldro kom fram kontakta Rjukan-gutane som venta på desse soldatane Skinnarland, og «han ble mottatt med åpne armer og ble et meget verdifullt medlem av gruppen Grouse». Han vart med gruppa gjennom heile vinteren, men deltok ikkje i sjølve sabotasjeaksjonen.

Det skriv gruppeleiar Poulsson i si bok om aksjonen, og at Skinnarland «hadde gode kontakter og var en fjellvant og særdeles praktisk kar, alltid i godt humør».

LES OGSÅ: Det største norske sviket


Rolf Kristian Larsen speler rolla som Einar Skinnarland i NRK-serien «Kampen om tungtvatnet». I filmen frå 1948 spelte Henki Kolstad Skinnarland. Foto: Filmkameratene AS/Robert Holand Dreier

Overlevde på rein
Då Freshman ikkje kom, måtte Grouse-gruppa venta på nye meldingar. Skinnarland vart lært opp i samband av gruppas radiomann, noko han fekk mykje bruk for i seinare operasjonar i krigen.

Dropp kunne berre sendast i periodar på 14 dagar om gongen, då månen gav nok ljos. Det gjorde at gruppa måtte lenge gå og venta før periodar det var aktuelt å få sendingar sendt med fly.

Heile vinteren gjennom gjekk gruppa på vidda og venta. Det var sparsamt med mat, og dei overlevde på mellom anna rein. Difor var det viktig å utnytte maten dei hadde så godt som mogleg. Sjølv mageinnhaldet på reinen åt dei.

Under slike omstende var det viktig med ein god kokk, og om Einar seier Poulsson at han «utøvde kokekunsten bedre enn noen husmor».

– Til mat den mann hev trong som hev i fjell fare, brukte Skinnarland seia, ifylgje Poulsson.

I dagboka skildrar Poulsson dagleglivet på hytta, om mennene, kameratskapet, maten og ventinga. Dei hadde faste plassar ved bordet, og han skildrar gjengen rundt middagsbordet, ein etter ein. Om Skinnarland skriv han:

«Einar er siste mann på langsiden. Han smiler bredt som vanlig, men er litt skjemt da han brakk en tann i formunnen forleden. Både han og Claus har langt uregjerlig hår og skjegg.»

I dagane før sjølve sabotasjeaksjonen skaffa Skinnarland naudsynt informasjon frå sine kontaktar på fabrikken, men han deltok ikkje sjølv. Då dei andre rømte landet vart Skinnarland verande i området.

Han vart sambandsmann for Milorgdistriktet for Øvre Telemark dei neste åra, og seinare stabssjef i same distriktet.

Aksjonen gjekk utan at eitt einaste skot vart fyrt av, og tyskarane visste ikkje kva som hende før sabotørane var på veg ut.

–Me hadde flaks. Absolutt flaks, men også svært god etterretning om målet, sa Joachim Rønneberg, leiaren i den andre sabotasjegruppa, Gunnerside, etter krigen.

Denne etterretninga stod Einar Skinnarland for.

LES OGSÅ: Tvillingane som var «brevduer» for heimefronten

Operasjon Sunshine
Hjernen bak tungtvassaksjonen, Leif Tronstad, var professor i kjemi før krigen, og planla aksjonane frå London. Han flykta ut av landet i september 1941, men kom attende 4. oktober 1944 for å leia ein operasjon som skulle trygga kraftstasjonane på Rjukan, Notodden og Nome. Einar Skinnarland var også i denne aksjonen kontaktmannen i området, og tok imot gruppa som kom med fly frå Storbritannia.

Operasjonen gjekk under namnet «Sunshine», og skulle hindra at tyskarane brukte «den brente jords taktikk». Det vil seia at tyskarane øydelegg og brenn alt som kan vera nyttig for fienden, slik dei brente ned mesteparten av Finnmark då Sovjetsamveldet invaderte på slutten av krigen.

I frykt for at operasjonen skulle avslørast, tok gruppa lensmannen på Rauland til fange 11. mars 1945. Einar Skinnarland og Gunnar Syverstad tok lensmannen i arrest, etter at han var lurt inn i fella deira. Lensmannen var kjent som ein ivrig nazist.

Bror til lensmannen fann spor til seterbua på Syrbekk, der Tronstad saman med Syverstad og Jon Landsverk forhøyrde lensmannen. Skinnarland hadde då forlét hytta. Akkurat kva som hende på hytta finst det ulike versjonar av, men Tronstad og Syverstad vart drepne, og Landsverk kom seg unna. Han fekk henta Skinnarland att, og saman kvitta dei seg med lika og alle papir, våpen eller anna som kunne identifisera dei.

Tyskarane fann lika dagen etter og brente dei på staden. Men Einar Skinnarland fekk dei aldri tak i.

LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande


Slik er me vande å sjå føre oss sabotørane, med tung oppakning på ski over fjellet. Her eit bilete frå den fyrste filmen som vart laga, «Kampen om tungtvannet» frå 1948. Fleire av sabotørane spelte seg sjølve i denne filmen. Foto: Visit Rjukan

Tungtvassabotasje-ABC
GROUSE:
Rjukan-gjengen Jens-Anton Poulsson, Arne Kjelstrup, Knut Haugland og Claus Helberg skulle gjera forarbeid for britiske soldatar som skulle sabotera tungtvassproduksjonen. Hoppa i fallskjerm over Telemark 19. oktober 1942.

FRESHMAN: Dei britiske soldatane kom i glidefly 19. november. Bombeflyet som drog dei kom attende til Skottland, men alle i glideflya omkom i krasj eller vart avretta. 41 menn døydde, 34 av dei soldatar.

GUNNERSIDE: Ni norske soldatar frå Kompani Linge landa i fallskjerm på Hardangervidda 16. februar 1943. Saman med Grouse gjennomførte dei åtaket på Vemork-fabrikken. Ofte omtala som den mest vellukka sabotasjeaksjonen under andre verdskrig.

Bomba: Tyskarane bygde oppatt anlegget, som vart bomba av allierte fly 16. november 1943. Meir enn 20 nordmenn mista livet i bombeaksjonen, og halvfabrikatet av tungtvatn som var att skulle fraktast til Tyskland.

Senka: Det svakaste punktet i transporten til Tyskland var jernbaneferja D/F «Hydro» over Tinnsjøen. 20. februar 1944 hadde sabotørane montert ei bombe som senka ferja halvvegs over Tinnsjøen. Fire tyskarar og fjorten nordmenn mista livet. 

Einar Skinnarland-ABC
Einar Skinnarland var fødd på Møsstrond i 1918, og utdanna med eksamen frå Porsgrunn tekniske fagskule. Fram til krigen arbeidde han med Møsvassdammen.

Sabotasjeaksjonane førte til omfattande leiteaksjonar på Hardangervidda, og to av brørne hans vart tekne til fange og sat i Grini fengsel til krigen var slutt.

Einar Skinnarland vart ikkje funnen av tyskarane og vart sambandsmann for Milorgdistriktet i Øvre Telemark, D-16, åra etter aksjonen. Mot slutten av krigen vart han stabssjef i same distriktet.

Etter krigen heldt Skinnarland ein lågare profil enn dei andre som deltok i sabotasjeaksjonen. I den norske dokumentariske spelefilmen frå 1948 om aksjonen, spelte mange av sabotørane seg sjølve. Skinnarland deltok ikkje i filmen. Henki Kolstad spelte hans rolle.

I 1965 drog Skinnarland til Canada, der han budde til han døydde i 2002. Han arbeidde i entreprenørbransjen og var med å byggja nokre av verdas største damanlegg.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Faktaboks

Kjelder:

Jens-Anton Poulssen – Aksjon Vemork. Vinterkrig på Hardangervidda

Knut Haukelid – Kampen om tungtvannet

Gunnar Myklebust – Tungtvannssabotøren: Joachim H. Rønneberg – Linge-kar og fjellmann

Ingvar Skobba – Krigen i Telemark 1940–45

Visit Rjukan