Brukte konfirmasjonsgåva til musikkvideo

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brukte gåva til musikkvideo

Egil Olsen slapp nyleg den siste singelen sin, «Autopilot» før neste album kjem ut. Albumet heiter «ooo what happened», og kjem 20. mars. Olsen varslar om mørkare og meir melankolske tema på dette albumet.

No skal me ta det endå litt lengre ned, som han ville sagt det sjølv.

Sjå videoen til «Autopilot» her!

LES OGSÅ: Show i tunnelen – eit møte med Egil Olsen

Tre bokstavar
Musikkvideoen, som har eit tydeleg preg av gamalt utstyr, vart spelt inn med utstyr Olsen fekk i konfirmasjonsgåve, ifølgje ei pressemelding frå plateselskapet til Egil Olsen.

Idéen til videoen fekk han av ein sms frå ein kompis.

– Den komande plata er krydra med gamle analoge synthar. Ein kompis av meg sende meg ein sms etter at han hadde høyrt den. I sms-en stod det tre bokstavar: VHS. Det tok eg som eit stort kompliment. Eg ville prøva å fanga noko av den nostalgiske stemninga i gamle sci-fi- og skrekkfilmar, så VHS er ei fin skildring, står det i pressemeldinga.

Tekstplakaten i starten av videoen har han henta frå ein gamal pornofilm i VHS-samlinga si.

LES OGSÅ: Korleis me vart kvitt piraten i Noreg