Bonde vil servera «snåle egg»
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På denne tida i fjor starta butikkjeden Bunnpris pilotprosjektet «Snål frukt og grønt».
Bunnpris melder om stor entusiasme etter at stadig fleire butikkar tilbyr uperfekt frukt til 30 prosent rabatt.
I Frankrike har dei allereie gjort stor suksess med stygg frukt – les meir her!
Eggsatsing
No utvidar Bunnpris sitt uperfekte utval med «Snål egg», etter at ein engasjert bonde frå Levanger tok grep.
– Snåle egg er paradoksalt nok dei egga med best kvalitet frå ei hønsebesetning. Årsaka er at dei små egga som regel vert lagt når høna er ung. I denne perioden et hønene eit kraftigare fôr, som igjen gjev høgare næringsinnhald i egget, seier hønsebonde Ivar Skjetnemark i ei pressemelding frå Bunnpris.
På grunn av standardiserte storleikskrav er det i dag mange egg som ikkje når fram til butikkhyllene.
Men no leverer Skjetnemark og tolv andre produsentar sine «snåle egg» til Bunnpris.
Potetros
Mindre matsvinn og sunt matvett har tidlegare vist seg å engasjera mange.
I fjor starta Sigrun Brustad Nilsen Facebook-gruppa «Stygge poteter – ja takk», som i dag har over 23.000 medlemmer.
Her kan du lese meir om bakgrunnen for folkeoppropet for stygge poteter.
Gruppa har delt innlegget om «Snål egg» på Facebook, der dei rosar initiativet for å hindra matkasting i stor skala.