Blir heidra for ordkunst på kunstfeltet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho er Årets nynorskbrukar

Det skjer under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 25. juni. Veiteberg får prisen frå Nynorsk kultursentrum for «sin ufråvikelege vilje til å gjere nynorsk til eit elegant og velforma bruksspråk på alle delar av kunstfeltet», både i Noreg og andre land.

– Den store gleda ved å få ein pris er at ein blir sett – at det ein gjer betyr noko for fleire enn ein sjølv, seier Jorunn Veiteberg, som opphavleg kjem frå Stord.

LES OGSÅ: – Årets nynorskbrukar er Kaizers på kunstfeltet

Kunst i opposisjon
Veiteberg er dr. philos i kunsthistorie, livnærer seg som skribent i København og har ei deltidsstilling som gjesteprofessor ved Högskolan för design och konsthantverk i Göteborg.

Interessefeltet hennar krinsar rundt kunsthandverk – smykkekunst, keramikk, tre og tekstilar, men også reklame, plateomslag, fotografi og video er media som har oppteke henne. Doktoravhandlinga handla om norske plakatar i historisk perspektiv. Med andre ord er det område utover den «fine, borgarlege» kunsten Veiteberg har vore oppteken av.

– Eg trur det å høyre til ein språkkultur som ikkje er den dominerande nasjonalt har vore med å vekkje interessa mi for kunstformer som er i ein slags opposisjon til hovudkulturen, seier Veiteberg.

Ein del av identiteten
Ho var kanskje «litt eksotisk» då ho på 70-talet tok til på kunsthistoriestudiet med nynorsk som skriftspråk. Eksamenssvara hennar fekk aldri vere anonyme. Likevel, det å bruke nynorsk har aldri vore spørsmål om eit val.

– Eg trur det har med foreldra mine og bakgrunnen min å gjere. Eg har vakse opp i ein heim der nynorsk litteratur og språk var knytt til heile verdisettet til foreldra mine. Eg kjem frå ei nynorskkommune, og gjekk på nynorskskule til og med gymnaset. Det blir ein del av identiteten. Det å skifte språk ville ha kjentest som å ta avstand frå mitt eige miljø, og det har eg aldri hatt behov for, seier Veiteberg.

I karrieren har ho berre éin gong opplevd å måtte bruke bokmål på ein arbeidsplass. I andre samanhengar har det falle seg naturleg å bruke bokmål, sjølv om nynorsk har vore hovudregelen.

– Eg vil seie det å bruke nynorsk har gitt meg like mange oppdrag som det ikkje har gitt meg, seier ho.

LES OGSÅ: – Nynorsk er språket mitt

Kritiserer ekskluderande språk
Det internasjonale kunstspråket er spekka med frasar og vanskelege omgrep. Mange galleri er meir interessert i å gjere kunsten attraktiv for ein eksklusiv elite av samlarar, og då er eit lett forståeleg språk ikkje nødvendigvis det viktigaste.

– Mange galleri har ikkje det folkelege oppdraget knytt til formidling. Språket er ein måte å ekskludere på, seier Veiteberg.

Sjølv ser ho det som ei oppgåve å skrive om kunst på ein måte som gjer han tilgjengeleg for fleire.

– Har det nokre fordelar å vere nynorskbrukar i kunstverda?

– Nei, fordelen er meir av personleg art. Først og fremst har det gjort meg bevisst på forskjellen mellom skrift og tale. Vil du skrive godt må du arbeide med stilen og korleis du formulerer deg. 

Ho må tenkje og tyggje på stoffet, gjere det til sitt eige.

– Som nynorskbrukar er det lettare å ikkje berre klippe og lime, seier ho.

Kvinner i kunsten
For tida arbeider ho med ein monografi om Nora Gulbrandsen, Noregs første kvinnelege industridesignar. Kvinner i kunsten er eit tema som har oppteke Veiteberg heilt frå studietida. Ho har tidlegare skrive om målaren Catharine Kølle og bilethoggaren Ambrosia Tønnesen.

– Eg synest det er fint å avslutte det som ein trilogi, seier Veiteberg.

Ho har vunne fleire prisar for arbeidet sitt, mellom anna Hedersprisen frå Norsk Form. Når ho no er utnemnt til «Årets nynorskbrukar», går turen til Ørsta og Festspela.

– Eg har hatt lyst til å reise til Dei nynorske festspela i årevis, men dei er alltid samtidig som der er avslutningsfest på skulen som mannen min og eg bur på. Men i år kan eg melde avbod med god grunn, seier prisvinnaren.

LES OGSÅ: – Framtida til nynorsken må byggast på tillit

Faktaboks

Om prisen «Årets nynorskbrukar»

Det er i år 15. gong Nynorsk kultursentrum deler ut prisen.

I år var første gong alle interesserte kunne føreslå kandidatar. 44 personar kom med forslag, og juryen fekk 29 grunngitte framlegg.

Prisen er på 100.000 kroner.

Mellom tidlegare vinnarar er: Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga (2014), Ingvild Bryn og Arill Riise (2012) og Maria Parr (2010). (©NPK).