Bergensk boyband i medvind

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boyband i medvind

Saka var først hos Tysnesbladet

Måndag slepte dei singelen «My Girl», og musikkvideoen til låta blei spelt inn i Los Angeles. Det siste året har dei vore på turné med finsksvenske Isac Elliot, reist med P4s Vinterlyd-turné, skriv VG-nett.

Boybandet som består av Kelmendi, Alexander Instøy og Sander Helmers-Olsen har teke namnet The Main Level, eller TML, som dei blir kalla av fansen.

LES OGSÅ: Sterk auke for norsk musikkbransje

– Stoppa opp
Under innspillinga av musikkvideoen til «My Girl», regissert av Mohammed Sarmadawy i Los Angeles, fekk guttane i TML verkeleg merkja kor store dei er blitt i nokre delar av verda.

– Det var ganske surrealistisk. Me var ved Griffith Observatory for å spela inn dei siste scenane, og plutseleg klappar og ropar mange hundre japanarar, seier Kelmendi, til VG-nett.

– Eg kjente det litt som om Hollywood stoppa opp, for det kom amerikanske fans og ville ta bilete og ha autografar, seier Instøy.

– Me dro nemleg ikkje dit og trudde at folk skulle følgja etter oss, ler Helmers-Olsen før han held fram:

– Men me enda opp med å ha nesten 60 stykk som gjekk etter oss heile dagen.

LES OGSÅ: Selde kjole og ring, gav ut CD

Kom frå Brasil
Gutane er kanskje ikkje kjent for dei fleste nordmenn endå, men på tur i USA møter dei fans frå Paraguay og Brasil, skriv VG-nett.

– Det kom veldig plutseleg, og sidan har det berre vakse. Det heile starta med nokre YouTube-covarar på nett, og plutseleg dukka det opp fansider i Brasil, Portugal og Tyrkia. Nå har det gått så langt at det kjem folk frå Brasil og Paraguay for å sjå oss her i Noreg. Det er dødskult, for me vil jo nå ut med musikken vår til så mange land som mogleg, og planen er at me etterkvart kan reisa ein del og spela mange konsertar, fortel Helmers-Olsen.

Her heime i Noreg har det også vore utfordringar med så mange fans. Dei har alle skaffa hemmeleg telefonnummer, og får stadig fans på døra. I nokre tilfelle er hotell blitt stengd ned, og TML-guttane har brukt lang til på å komma seg forbi hylande fans.

Fan-mail kjem frå alle kantar av verda, og Alexander, Sander og Laurent har faktisk leigd lager-rom for å ta imot alle brev og gåver frå fansen – og gutane svarar på det meste som kjem inn.

Album i august
Planane for sommaren er endå ganske hemmelege, men det blir både konsertar og speling på festivalar. Til hausten slepp dei også debutalbumet sitt – det gler dei seg til, skriv VG-nett.

– Det blir utrolig spanande. Det er ein draum å få gje ut eit album så kort tid etter at me i det heile starta, seier Helmers-Olsen.

– Det har ikkje gått eitt år sidan me gav ut den fyrste singelen. Me vonar me kan gje fansen ei bra plate, seier Instøy.

– Kva er det beste med jobben?

– At me er bestekompisar, seier han før han held fram:

– Me kan diskutera og vera ueinige, men så går me tilbake til der kor me har det gøy saman. Me delar alt, og så er me veldig heldige som får reisa så mykje. Me er saman frå tidleg om morgonen til seint på natta.

– Det er jobb heile tida, men det er dette me elskar å gjera. Så du ser ikkje på det som ein jobb, sier Helmers-Olsen.

Og kvifor heiter dei The Main Level? Svaret er enkelt.

– Det er ein knapp på mixerpulten i studio som heiter «Main Level», og det er den du må bruka for at det skal komma lyd. Så, utan Main Level blir det ingen lyd, fortel gutane til VG-nett.

LES OGSÅ: AURORA – Saman mot toppen