Avskaff påska no!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Avskaff påska no!

I påska stiller mange seg store spørsmål som:

Kven vann fotbal-VM i 1982?

Kva politikar gav ut sjølvbiografien «Alltid freidig» i 1993?

I kva fylke ligg Lyngdal?

Men det er berre fordi folk i påska har ein tendens til å sitte på hytter, sjå på regnet, kjede livskiten av seg og prøve å få tida mellom måltida til å gå ved å ta quizane i absolutt alle påskeavisene som samtlige familiemedlemmer melde seg frivillig til å køyre inn til byen for å kjøpe.

Men det finst også større spørsmål. Og då tenker eg ikkje berre på spørsmål som «Kven skåra det avgjerande målet i finalen i mesterligaen i 1999?». Nei, eg tenker på verkelig store spørsmål om det einaste som eigentlig betyr noko: Fridagar.

Her er eit spørsmål til diskusjon: For eit par veker sidan diskuterte kirkemøtet homofili for 689. gong, og også denne gongen vedtok kirkemøtet at vår tid ikkje begynner før det passar kirkemøtet. Så spørsmålet er: Kor lenge skal vi la denne gjengen bestemme når vi skal ha fri?

Det finst unntak, som 1. mai og 17. mai, men stort sett er det kristendommen som bestemmer når vi har fri. Dei fleste fridagane i Norge er kristne. Det finst ei eiga lov der står kva du kan og ikkje kan gjere på desse dagane. Og det i eit land med eit folk som er mellom dei minst religiøse i heile verden. Og no har kirka endå ein gong signalisert at ho ikkje har så lyst til å henge med i tida, skal ho ikkje då få sleppe?

For kor bra har kristendommen eigentlig forvalta dette fridags-ansvaret? La oss, sidan det er nærliggande, ta for oss påska. Ei høgtid som alltid kjem når du minst ventar det. Eit år er det påske midt i mars. Eit anna år er det nesten 1. mai før du endelig kan gjere det påska eigentlig handlar om: Reise til Sverige og rope på biltak.

Det er jo ikkje orden på nokon ting. Kva skal ein planlegge for påskeferien neste gong? Ski? Badetøy? Ikkje godt å seie.

Det er på tide å slå det fast no. Dette får kirka rett og slett ikkje til. Å meine det same om homofili i tusen år, det klarer dei. Men å få påska til å komme på same tid kvart år, det er tydeligvis heilt umulig.

Dei har fått nok sjansar no. Og sidan kirka har bestemt seg for å ikkje ha noko med vår tid å gjere på eitt område, synest eg dei kan få sleppe på alle område. La dei få halde på med sitt. Og la oss andre ta påskeferie når vi sjølv vil. Eller la det vere, om det er det vi vil. Folk som liker ski, kan ta påske tidlig i mars kvart år. Folk som liker å ha det hyggelig, kan ta påskeferie seint i april, reise til Sverige og rope på biltak. Folk som ikkje har noko forhold til påske, kan feire noko heilt anna. Våren, for eksempel. Eller fødselsdagen til ein eller annan.

Jul? Om det passar deg og/eller familliesituasjonen din, kan du feire jul tre gonger. Eller sju. Eller midt på sommaren. Eller igjen: Du kan la det vere og heller feire noko heilt anna enn kva det no var vi feirar i jula igjen.

Eg kjem til å sende dette forslaget til kirkemøtet. Så kan dei diskutere det i årevis, understreke at dette er ei tung sak og at dei har respekt for at dette er eit vanskelig spørsmål for mange, og så kan dei stemme det ned.

Og så kan vi andre la vere å bry oss om det. Dei får halde på. Vi får halde på.

God påske.

Eller ferie.

Eller noko anna. Det er opp til deg. Sjølv har eg tatt ferie berre fordi eg har lyst. Det kan anbefalast.


Først publisert i Aftenposten 19. april.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!