Tema: Arbeidsliv

Arbeidsoppgåver viktigare enn lønna

Dei aller fleste vil heller ha arbeidsoppgåver dei trivst med, enn høgare lønn, viser ei ny undersøking.

NPK
måndag 18. juni 2012 10.26

Arbeidsoppgåver viktigare enn lønna Lønn har mindre å seie for mange. Bilete: Colourbox.

Åtte av ti arbeidstakarar i Noreg synest at innhaldet i jobben er viktigare enn lønna, ifølgje undersøkinga som bemanningsselskapet Ranstad har gjort i 29 land rundt om i verda.

Gjennomsnittet for alle landa i undersøkinga er seks av ti.
 
Mens arbeidstakarane i Danmark og Sverige har same prioriteringa, er det i land som Slovakia, Polen, Storbritannia, Italia og Ungarn at litt fleire set lønna litt høgare. (©NPK)

Oppdatert: måndag 18. juni 2012 10.26
Kommentarar 0

 
ANNONSE: