– Ap fortset i blind oljerus
Natur og Ungdom og Grøn Ungdom rasar over utsegn om oljeboring frå Jonas Gahr Støre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Oljeindustrien er nøgd, medan miljørørsla rasar etter at Jonas Gahr Støre var gjest på årskonferansen til Norsk olje og Gass torsdag. Der kom det fram at AP-leiaren framleis står på at Lofoten, Vesterålen og Senja skal opnast og han deler også det kontroversielle synet til regjeringa om opning for boring ved iskanten.
– Held det fram sånn, kan miljøtruverdet til Arbeidarpartiet snart leggast ut på billigsal, meiner Natur og Ungdom.
I januar teikna klima- og miljøminister Tine Sundtoft opp grensa for iskanten. Ho og regjeringa foreslår at den skal vera der det er meir enn 30 prosent sannsyn for is i april månad. Dette er derimot langt frå tilrådingane frå Polarinstituttet. Saka skal opp i Stortinget i løpet av våren og i dag flagga altså Jonas Gahr Støre at han støttar regjeringa.
– Arbeidarpartiet seier stadig at dei er opptatt av å vera kunnskapsbaserte, men dette viser berre at fagkunnskapen ikkje er verdt noko for Gahr Støre når han står i vegen for endå meir oljeutvinning, seier leiar i Natur og Ungdom Arnstein Vestre.
På scenen framfor oljeindustrien la han heller ingenting imellom i spørsmålet om oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Det har tidlegare vore knytt forventningar til Arbeidarpartiet sin nye miljøprofil.
– Jonas Gahr Støre har lova nye takter i miljø- og klimapolitikken, men her fortset han i den same gamle valsen og omfamnar oljeindustrien i blind oljerus. Dette er ikkje sånn eit grønare Arbeidarparti ser ut, seier Arnstein Vestre.
Natur og Ungdom meiner Jonas Gahr Støre i dag beviste at Arbeidarpartiet har ein lang veg å gå før dei kan kalla seg miljøparti.
– Miljøet og klimaet vårt krev handling og konkrete tiltak, men det verkar som Jonas nektar å ta innover seg at dette krev at han må setja på bremsen for den forureinande oljeindustrien, seier Vestre.
LES OGSÅ: Iskanten har krope mot nord
Stein Kåre Kristiansen og Arne Strand intervjua Jonas Gahr Støre (i midten) på årskonferansen til Norsk Olje og Gass. Foto: Norsk Olje og Gass
– Norsk ungdom fortener grøne jobbar
Nasjonalt talsperson for Grøn Ungdom, Lage Nøst, er meiner Støre diltar etter oljeindustrien.
– Arbeidarpartiet viser forakt for vitskapen. Forskinga er heilt klar: ALL olje og gass nord for polarsirkelen må bli liggande viss me skal nå togradersmålet, skriv han i ein epost til Framtida.no.
Han meiner Arbeidarpartiet sviktar alle som tenker å vera i live etter 2050.
– Politikken dei fører garanterer farlege klimaendringar, og hindrar omstilling til fornybarsamfunnet. Norske ungdommar – framtidas arbeidstakarar – fortener grøne jobbar i framtida, men politikken til Arbeidarpartiet skaper ikkje noko grønt skifte, held Nøst fram.
LES OGSÅ:Ligg unna iskanten!