42 millionar på flukt frå naturkatastrofar

Over 90 prosent av desse blir driven på flukt av katastrofer relatert til klima.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

42 millionar på flukt frå natur- katastrofar

 Fleire enn 42 millionar menneske vart i fjor tvinga til å flykte på grunn av naturkatastrofar, viser ein ny rapport.

– Omfanget er enormt. Alle som er på flukt på grunn av klimaendringar og naturkatastrofar, må få nødvendig hjelp og beskyttelse, seier generalsekretær Elisabeth Rasmusson i Flyktningehjelpen i ei pressemelding. Dei har utarbeidd rapporten saman med organisasjonen IDMC i Genève. Rapporten vart presentert under Nansenkonferansen i Oslo måndag, og viser at talet på registrerte naturkatastrofar auka frå om lag 200 til over 400 i året dei siste 20 åra.

Meir ekstremvêr
– Tilfella av ekstremvêr har auka både i omfang og intensitet. Truleg vil me sjå eit aukande tal menneske som flyktar frå naturkatastrofar etter kvart som klimaendringane slår inn for fullt, seier Rasmusson. I 2008 var 36 millionar menneske registrert på flukt som eit resultat av naturkatastrofar. I fjor var talet 17 millionar.

PRØV DEG PÅ KLIMAQUIZEN VÅR!

Den store variasjonen har samanheng med megakatastrofane som flaumane i India i 2009, Kina og Pakistan i 2010 og jordskjelva i Chile og Haiti.

Avhengig av støtte
Rapporten peikar på at Asia er hardast råka av naturkatastrofar. Talet på klimaflyktningar er størst i India, Filippinane, Bangladesh, Indonesia og Kina. Rapporten seier ikkje noko om kor lenge dei var fordrivne.

KOMMENTAR: Katestrofesommeren

– Kor alvorlege konsekvensane blir, avheng i høg grad av ansvarlege styresmakter og det internasjonale samfunnet si evne til svara på fordrivinga og gje vern og varige løysingar, seier Rasmusson.