Øystatar vil halde statsleiarar og bedriftstoppar ansvarlege for økodrap

Det er riktig å plassere ansvaret for miljøkriminalitet på einskildpersonar, meiner Jonas Kittelsen i Extinction Rebellion Norge.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Tre øystatar i Stillehavet – Vanuatu, Fiji og Samoa – ønsker at miljømord (ecocide) vert gjort om til eit internasjonalt lovbrot, på lik line med folkemord.

Miljømord er definert som ulovlege eller omsynslause gjerningar som er gjennomførte med viten om at det er eit betydeleg sannsyn for alvorleg og anten omfattande eller langvaring skade på miljøet som følge av gjerningane, ifølge Stop Ecocide International.

Dei tre statane har sendt inn lovforslaget til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag. ICC vart oppretta i 2002 for å straffeforfølge einskildmenneske som er skulda for krigslovbrot, folkemord og lovbrot mot menneska.

Dersom forslaget går gjennom, vil einskildpersonar, til dømes bedriftsleiarar eller statsleiarar, kunna straffeforfølgast for slike gjerningar som fører til alvorleg skade på miljøet.

– Viktig med internasjonale lovar

– Dette er eit veldig viktig initiativ, seier Jonas Kittelsen, talsperson for Extinction Rebellion Norge.

– Det er viktig med globale reglar. Vi ser gang på gang at eit land snakkar veldig fint om prinsipp for å ta vare på miljøet, men i den augeblinken dei sjølv kan tene pengar, hamnar prinsippa i skuffa, seier han.

Jonas Kittelsen er talsperson for Extinction Rebellion Norge. | Foto: XR foto

Kittelsen trekker fram at norske Equinor har drive med miljøskadeleg fracking i Vaca Muerta i Argentina. Urfolket i området har protestert mot at helsa, naturen og drikkevatnet deira har vorte skada, medan den argentinske staten har ønskt Equinor velkommen. Av økonomiske grunnar, slår Kittelsen fast.

– Argentina har sensurert rapportane som viser at grunnvatnet er øydelagt, med skyhøge kreftrater i området. Equinor forsvarar verksemda si med at dei har tett dialog med styresmaktene i Argentina, seier han.

Plasserer ansvaret

Kittelsen trur at trugselen om straff for einskildpersonar, til dømes dagleg leiar i ei bedrift, vil verke avskrekkande.

– Det handlar ikkje om eit behov for hemn, men eg trur det er viktig å seie at toppsjefen har ansvar for så alvorlege lovbrot, seier han.

Han trur ikkje ei bot for ei bedrift er like effektfullt. Han viser til at oljeverksemda Chevron fekk ei bot på 9,5 milliardar dollar for ureining i Ecuador.

– Men bota var langt ifrå så høg som det beløpet Chevron tente på aktiviteten. Då ville dei nok gjort det same om igjen, seier han.

Dei som har ansvaret, har pengane

Kittelsen har sjølv jobba med økodrap i ein internasjonal setting. Under Cop15-møtet i Montreal, då internasjonalt samarbeid leia til ein naturavtale for å beskytte 30 prosent av landområda i verda innan 2030, var Kittelsen nordisk ungdomsrepresentant i forhandlingane.

Han fortel at det var fleire som kjempa for å få inn punkt om økodrap i avtalen. Det vart likevel ikkje nemnd med ord. Kittelsen seier at mange var forsiktige fordi dei ikkje kjente til omgrepet og kva det innebar, og dessutan at ureinande bedrifter kjempa imot.

FN-forhandlingane er konsensus-basert, og viss ein medlem røyster mot, fell forslaget. Det er difor vanskeleg å få kontroversielle saker gjennom.

No har økodrap-tematikken byrja å få momentum, mellom anna takka vere mykje informasjonsarbeid, seier Kittelsen.

– Ein ønsker å ansvarleggjere dei som har ansvaret for klimakrisa, dei store selskapa og statane. Det er dei som har pengane og makta til å få oss ut av krisa. Difor ønsker ein at det skal bli ulovleg å øydelegget livsgrunnlaget vårt, seier han.

Risikerer for høg terskel

Ei mogleg fallgruve med ein internasjonal lovgjevnad om økodrap, er at terskelen for å verte dømd vert for høg. Då vil lova i praksis ikkje ha noko å seie, og i verste fall verke nesten mot omsynet sitt.

– Då kan ei bedrift seie «sjå, vi er ikkje dømd etter økodrap-lova», og slik sett kan lova legitimere overgrep mot naturen, seier Kittelsen.

Han trur uansett at temaet økodrap vil få meir og meir merksemd, og at det er eit spørsmål om når, og ikkje om det kjem til å komme lovgjevnad rundt det.

– Konsekvensane av klima- og naturkrisa kjem til å øydelegge så mange lokalsamfunn at folk kjem til å krevje at dei ansvarlege vert haldne ansvarlege, seier han.

Les også: EU vedtok tidlegare i år eit liknande direktiv som vil halde einskildpersonar ansvarlege for miljøkriminalitet, med nye lovbrot og strengare straffar.