Staten anka: Ny runde med klimasøksmål starta i dag

Det store spørsmålet er om Noreg må stoppe drifta av oljefelta Tyrving, Yggdrasil og Breidablikk.

Åshild Slåen
Publisert

Onsdag 4. september er første dag med ny runde i retten for søksmålet mot staten si godkjenning av olje- og gassfelta Tyrving, Yggdrasil og Breidablikk.

I januar gav Oslo tingrett Greenpeace og Natur og Ungdom rett på alle punkt i søksmålet mot staten.

Alle tre løyva til å byggje ut oljefunna var ugyldige, og staten fekk eit forbod mot å fatte andre vedtak som krev gyldig løyve til utbygging og produksjon.

Staten vart også pålagt å betale erstatning og dekkje saks­kostnadane på 3,26 millionar kroner.

Har allereie starta utvinning

Staten anka saka vidare, og det er anken som no blir behandla i Borgarting lagmannsrett.

Det store spørsmålet som må avgjerast no er om arbeidet og utvinninga av dei tre oljefelta må stoppast.

Lagmannsretten bestemte først at staten måtte stoppe alt arbeid på oljefelta, men etter anken oppheva dei ordren i mai.

Natt til tysdag denne veka, byrja Aker BP utvinning på det eine oljefeltet, Tyrvin, eit halvt år før planen. Dette førte til store protestar frå miljørørsla.

Denne saka kjem før den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD) skal vurdere klaga frå norske miljøorganisasjonar om at oljeverksemda i Arktis bryt med menneskerettane, i lys av den nye sveitsiske klimadommen deira.

Vanskeleg å rive det som er bygd

For Natur og Ungdom-leiar Gytis Blaževičius, er det viktig at staten ikkje får halde fram med arbeid på olje- og gassfelta.

– Når ein kjem for langt inn i prosessen, så vil ikkje styresmaktene for eksempel rive desse oljefelta om dei allereie bygde ut. Terskelen blir for høg, sa han til NRK før rettssaka.

Kommunikasjonsansvarleg hjå regjeringsadvokaten, Ingunn Solheim, seier Energidepartementet meiner det ikkje er godt nok grunnlag for å påby ein slik stans.

Rettssaka vil føregå frå 4. til 12. september.