Nawisa (20) opplevde rasisme i sommarjobben: – Skremmande

Bioingeniørstudent Nawisa Falahzadeh (20) må stadig svara på spørsmål om kor ho kjem frå og har vorte kalla «billeg arbeidskraft frå Asia». Det får ho til å revurdera yrkesvegen ho har valt.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– For det første er det veldig trist å bli kalla «billeg arbeidskraft frå Asia», for det andre visste eg ikkje kva eg skulle seia, fortel Nawisa Falahzadeh.

20-åringen frå Hamar er ferdig med første året sitt på bioingeniørstudiet ved Høgskulen i Innlandet. Allereie no har ho fått relevant sommarjobb på laben ved Sykehuset i Gjøvik, som er ein del av Sykehuset Innlandet.

Her tek ho imot pasientar og tek blodprøvar, men det studenten ikkje var førebudd på, var korleis ho skulle takla rasisme frå pasientar.

Demotiverande

Falahzadeh må fleire gongar dagleg svara på spørsmålet «kor kjem du frå?».

– Det er veldig demotiverande. Kva har det å seia? Eg forstår at dei ikkje meiner noko vondt, det er eit uskuldig spørsmål, men det er for mykje. Eg føler meg som ingenting, forklarar bioingeniørstudenten, som presiserer:

– Eg forstår at folk ikkje meiner noko vondt og vil ha ein samtale medan eg tek blodprøve, men for å vera ærleg så er eg meir enn min bakgrunn. Eg har ferdigheiter.

«Billeg arbeidskraft frå Asia»

Ho visste heller ikkje kva ho skulle gjera då ho for eit par veker sidan skulle registrera ein pasient på poliklinikken, som kalla ho «billeg arbeidskraft frå Asia» og heldt fram at «eg ser at mange av dykk har teke over helsevesenet».

– Kva skal eg seia? Eg visste ikkje korleis eg skulle takla det, men profesjonalitet er viktig, så eg fullførte.

Ho har òg opplevd at ein pasient spurde om ho ville sova med han og tok ho på låret. Ho saknar betre opplæring frå studiet og fokus frå fagforbundet på korleis ein som ung arbeidstakar skal takla rasisme og trakassering på jobb, anten det handlar om etnisitet, religion, kjønn, funksjonsnivå, legning, eller utsjånad.

Foto: Privat

Kjenner ikkje rutinane

Falahzadeh har tidlegare erfart å verta utsett for rasisme etter å ha ytra seg som lokalpolitikar i Raudt Hamar, og veit kor viktig det er å få støtte i slike situasjonar.

Etter episodane har ho snakka med andre på arbeidsplassen som òg har opplevd kommentarar fordi dei har ein annan hudfarge eller går med hijab.

Ho kjenner ikkje til om Sykehuset Innlandet, Gjøvik, som er éin av fem avdelingar i Sykehuset Innlandet, har rutinar for korleis handtera eller rapportera slike tilfelle, noko ho etterlyser.

– Leiar og arbeidsplass har ei viktig rolle. Dei må vera klare og tydelege på at rasisme og diskriminering ikkje høyrer heime her, understrekar Falahzadeh.

Ho understrekar at det ikkje berre gjeld helsevesenet og pasientar, men at òg kundar eller kollegaar kan utsetja medarbeidarane sine for rasisme.

Heidi Mossevik, seksjonsleiar for blodbank og medisinsk biokjemi ved Sykehuset Innlandet, Gjøvik.

– Må informera første dagen

Heidi Mossevik, seksjonsleiar for blodbank og medisinsk biokjemi ved Sykehuset Innlandet, Gjøvik, vart informert om situasjonen då ho kom attende frå ferie.

Ho har lært at denne tematikken må takast opp tidleg, både med faste tilsette, ferievikarar og studentar.

– Det er ikkje bra at ein sit der som heilt ny og ikkje veit kva ein skal gjera. Det viser at me kanskje allereie første dagen må informera om det. Det er litt trist at ein må opplysa om slike ting som ikkje burde skje, men som er éin av dei første tinga som skjer.

Seksjonsleiaren vart diverre ikkje overraska då ho fekk høyra om opplevingane til Nawisa Falahzadeh.

– Me opplever det oftare og oftare. Det har kanskje litt med at då eg byrja her så var me stort sett berre etnisk norske kvinner. No får me mange flinke jenter og gutar av ulikt kjønn og etnisitet, og det set me pris på. Så får dei oftare kommentarar av pasientar, diverre.

Nulltoleranse for rasisme

Sjukehuset Innlandet har prosedyrar for vald og trakassering, og leiarane har saman med verneombod og tillitsvald ansvar for å gå gjennom eigne sjekklister for HMS-kartlegging. Målet er å gjera ei risikovurdering for å førebyggja hendingar.

Ferievikarane er ikkje åleine med pasientar dei første dagane, men får raskt ansvar og er åleine på poliklinikken.

– Har de tydelege rettesnorer for korleis melda frå om rasisme?

– Eg prøver å seia det til nye som begynner, men det står ikkje i nokon prosedyre ut over prosedyren me har for vald og trakassering. Det er mykje som skal informerast om når ein er ny, men eg tek det opp på seksjonsmøte og seier til tilsette at det er nulltoleranse for meg. Skjer det, så skal dei seia ifrå og skriva HMS-avvik.

Sjukehuset har nulltoleranse for rasisme og avdelinga har i august henta inn Jessica Stenholm til å kursa medarbeidarane i korleis takla situasjonar som kan oppstå.

– Eg håpar å få eit tiltakskort eller prosedyre som er overordna på Sykehuset Innlandet, der det står klart og tydeleg at om ein vert utsett for slikt, så kan ein seia til pasienten at det er straffbart. For det er det, understrekar Mossevik.

Kan diskuterast med pårørande

Ho peikar på at pasientar kan nekta helsehjelp, men ikkje krevja å få ein annan behandlar på bakgrunn av etnisitet, kjønn, eller religion.

– Det er sånn ein må øva seg på å seia, men vert ein utsett for stygg rasisme er det sjølvsagt lov å trekka seg ut frå den situasjonen.

Som leiar har Mossevik òg klarert med jurist i NITO at eventuelle situasjonar kan diskuterast med pårørande.

Ho ynskjer eit større fokus på tematikken, og understrekar kor viktig det er med god kollegastøtte.

– Eg opplever at dei som er utsett for rasisme er altfor rause og toler for mykje av den kvardagsrasismen som er på jobb. Me er på jobb og skal ikkje ha det slik. Det er viktig at ein seier ifrå til leiar eller verneombod, og viktig at me som leiarar har ei setning me seier om at me set pris på at me har mange ulike kulturar og at det styrker arbeidsplassen. Slik kan ein på ein god måte seia at ein ikkje støttar pasienten.

– Uhaldbart

Falahzadeh meiner ei eiga kommunikasjonsbok om korleis takla trakassering ville vore nyttig for ferske bioingeniørstudentar, i tillegg til kampanjemateriell frå fagforbundet med plakatar og brosjyrar.

Bioingeniørfaglig institutt (BFI) ved NITO (Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon) representerer 7100 bioingeniørar landet over.

I ei undersøking blant medlemmane deira publisert tidlegare i år svara 10 prosent at dei sjølv hadde vore utsette for rasistiske ytringar eller diskriminerande oppførsel frå pasientar, medan 60 prosent svara at dei hadde vore vitne til at andre vart utsette.

Instituttleiar ved NIFO BFI, Heidi Andersen.

– Det er sjølvsagt heilt uhaldbart og ingen skal oppleva det. Diverre veit me at det skjer. Difor har me hatt denne spørjeundersøkinga. Og me har òg eit yrkesetisk råd i NITO bioingeniørfaglig institutt som jobbar med dette, seier instituttleiar ved BFI, Heidi Andersen til Framtida.no.

Ho har tidlegare arbeidd som studieleiar ved bioingeniørutdanninga ved OsloMet, der dei mellom anna innførte ei førelesing om møte med pasienten allereie på førsteåret for å trygga studentane inn i sin første praksisperiode og i sin første jobb.

Ho fryktar at slike opplevingar kan skremma folk frå yrket.

– Det er ikkje noko ein skal oppleva eller tola å oppleva. Om ein opplever det i sitt første år i praksis, kan det vera at ein vel seg bort frå yrket eller vel seg vekk frå avdelingar slik at ein ikkje tek blodprøvar av pasientar.

Då Andersen studerte til å verta bioingeniør for 20 år sidan, hadde dei 13 nasjonalitetar representerte i klassen, og allereie i første praksisen sin vart ho vitne til at ein medarbeidar vart utsett for rasisme fleire gonger.

– Dette skjer, og det er ikkje berre frå pasientar. Me veit òg at det føregår mellom yrkesgrupper, understrekar Andersen, som ikkje trur bioingeniørar er meir utsette enn anna helsepersonell.

Studieprogramansvarleg for bioingeniørutdanninga ved Høgskolen i Innlandet, Elisabeth Ersvær.

Studieprogramansvarleg vil ta grep

Studieprogramansvarleg for bioingeniørutdanninga ved Høgskolen i Innlandet, Elisabeth Ersvær, synest det er utruleg synd å høyra om erfaringane frå studenten deira.

– Det er ikkje slik me vil ha det, og så håpar eg ho har meldt ifrå til arbeidsgjevar, for alle er pliktige til å ha eit system og følgja opp, men her er nokon betre enn andre.

Ersvær fortel at studiet har eit stort mangfald, og at dei har rettesnorer som seier at dei skal både vareta dette og undervisa i mangfald, likestilling og ikkje-diskriminering.

Ho har høyrt om liknande erfaringar frå studentar og har kalla inn til eit møte i fagavdelinga om kva dei kan gjera betre.

– Det er todelt: Me må ruste bioingeniørane våre til å betre takla slike situasjonar, og så er det viktig at arbeidsgjevar har eit meldingssystem, der ein kan varsla og debriefa – òg når ein «berre» er i sommarjobb.

Vurderer framtidsplanane sine

Erfaringane som har møtt Falahzadeh i sommarjobben har fått ho til å lure på om yrkesvegen ho såg for seg, passar for ho, om dette er noko ho må takla ofte.

– Det er skremmande. Draumen min var å jobba på sjukehuset. No er det slik at eg må tenkja over om det er det eg vil driva med. Det har skremt meg, fordi eg vil ikkje gå gjennom det ofte. Rasisme og diskriminering er skadeleg. Det er ein epidemi og eit samfunnsproblem.