Sametinget saksøkjer staten over Melkøya

Sametinget meiner staten har brote reglane for saksbehandling før vedtaket om elektrifisering av Melkøya. Energidepartementet er ueinige.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Når det ligg føre ein konflikt som ikkje kan løysast politisk, så er det heilt naturleg å gå til domstolane for å løysa den.

Det seier sametingspresident Silje Karine Muotka i ei pressemelding.

Varsla Olje- og energidepartementet

Tysdag annonserte ho at Sametingsrådet saksøkjer staten for vedtaket om å elektrifisera Hammerfest LNG-anlegget på Melkøya.

Same dag varsla Sametinget Energidepartementet om søksmålet gjennom sine advokatar i Wiborg Rein. Departementet har 14 dagar svarfrist.

Sametinget meiner vedtaket ikkje er godt nok greidd ut og at staten skulle konsultert med Sametinget. Dei meiner difor at reglane for saksbehandling er brotne.

– Dette handlar om rettstryggleiken i arealforvaltninga i Noreg, seier sametingspresidenten i pressemeldinga.

Etterlyser konsekvensutgreiing

I august 2023 la regjeringa fram planane for elektrifisering av naturgassanlegget på Melkøya utanfor Hammerfest i Tromsø.

Elektrifiseringa inneber ein kraftig auke i kraftforbruket i regionen, og inneber utbygging av ei omstridd kraftlinje mellom Skaidi og Hammerfest, og i Varangerbotn i Aust-Finnmark.

Planen er å elektrifisera anlegget i 2030, og slik leggja til rette for meir klimavenleg drift framtil 2040.

Sametinget har tidlegare bede regjeringa trekkja avgjerda om elektrifisering av Melkøya for å greia ut konsekvensane for samisk kultur og næringar.

Sametinget meiner planane om å elektrifisera melkøya med kraft frå land vil føra til store konsekvensar for heile befolkninga i Troms og Finnmark, i form av arealinngrep.

Sametingsråd Maja Kristine Jåma (NSR) er blant dei som har engasjert seg sterkt i saka.

– NVE har prioritert å gå vidare med 11 av 25 nye vindkraftprosjekt og utviding av eit vasskraftverk i Finnmark, og dette utgjer eit enormt arealpress som vil ha store konsekvensar for heile befolkninga. Avgjerda om elektrifisering legg sterke føringar for det samla utbyggingstrykket som burde vore adressert i ei konsekvensutgreiing, seier sametingsråd Jåma i pressemeldinga.

Energidepartementet er ueinige

I ein e-post til NRK skriv statssekretær Elisabeth Sæther i Energidepartementet at dei ikkje er einige i Sametinget si skildring.

– Regjeringa eller departementa har ikkje brote konsultasjonsplikta i samband med elektrifisering av Melkøya eller kraft- og industriløftet for Finnmark. Sametinget blei konsultert i den delen av Melkøya-saka som rører ved samiske interesser direkte. Departementet tek til etterretning at sametinget har varsla søksmål, skriv Sæther til NRK.