Universitet vil ha mannskvote i tollarutdanninga

Universitetet i Stavanger har bede om å få reservere 40 prosent av studieplassane på tollarutdanninga til menn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Blir du stoppa av ein tollar på grensa, har du rett på å bli undersøkt av ein av same kjønn, skriv Khrono.

Denne forskrifta gjer no at Universitetet i Stavanger (UiS) har søkt til Kunnskapsdepartementet om å innføre ein kvote av det underrepresenterte kjønn, og at ordninga førebels skal vare i fem år. I praksis vil dette bli ein kvote for menn, sidan mannlege søkarar er i undertal.

– Det er behov for å ha ein viss kjønnsbalanse i forhold til arbeidsoppgåvene, og studiet har vore sterkt dominert av jenter, seier dekan Øystein Lund Bø.

Studiet «Toll, vareførsel og grensekontroll» ved UiS er eit av dei mest populære studieprogramma i Noreg, og realityprogrammet «Toll» på TV 2 får mykje av æra.

Med hard konkurranse om plassane, viser det seg at det ofte er kvinnene som vinn, då desse ofte får betre karakterar på skulen enn menn.

– Tolletaten må gjere det vi kan for å innfri dei reisande sin lovfesta og velgrunna rett til å la seg kroppsvisitere av ein person av same kjønn, noko som gjer at Tolletaten må ha god kjønnsbalanse på kvar tenestestad, seier avdelingsdirektør i Tolletaten, Hilde Simenstad.