Natur og Ungdom gler seg over EU-lov for naturen: – Ambisiøst

Måndag stemte eit knapt fleirtal av miljøministrane i EU for den omstridde naturrestaureringslova.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg synest i utgangspunktet det er positivt at ei så stor samling land har vedteke eit såpass ambisiøst mål. Det er positivt at ein klarar å vedta eit så målbart mål innan ei konkret tid, seier Aleksander Snarheim, som er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, på telefon til Framtida.no.

Knapt fleirtal

Måndag stemte miljøministrar frå 20 EU-land igjennom den omstridde naturrestaureringslova på eit ministermøte i Luxemburg, melder Politiken.dk.

Desse 20 landa representerer 66 prosent av innbyggjarane i EU. For at det skal vera fleirtal må minst 15 land som representerer 65 prosent av medlemmane stemma ja.

Lova vart godkjent av EU-parlamentet i februar og inneber at EU-landa har to år på seg til å leggja fram planar for korleis dei skal restaurera 20 prosent av øydelagt mark og våtmark innan 2030. Innan 2050 skal 90 prosent av økosystema vera tilbake i balanse.

Forslaget har møtt mykje motstand frå bønder i ulike EU-land. Italia, Ungarn, Nederland, Polen, Finland og Sverige er blant dei som stemte mot lova.

Det vart ei dramatisk avstemming i Ministerrådet då miljøministeren i Austerrike, Leonore Gewessler (Dei Grøne), stemte ja, noko rikskanslaren i landet har motsett seg. Rikskanslar Karl Nehammer frå det konservative partiet ÖVP trugar no med å ta avstemminga vidare til EU-domstolen.

Viktig ambisjon

Snarheim peikar på at EU si lov som legg opp til 20 prosent gjenoppretting av natur innan 2030, ikkje er heilt på nivå med dei 30 prosentane som verdas land vart einige om i naturavtalen i 2022, men meiner likevel det er ein god start.

– Eg tenkjer at det viktigaste er at ein har ein ambisjon om at ein skal kome på 30 prosent, og at 20 prosent er betre enn ingenting.

I ei ideell verd ser han føre seg at lova hadde eit enda høgare ambisjonsnivå og vart vedteken med eit enda breiare fleirtal, men Snarheim gler seg over at EU-lova er på plass før naturavtalen skal reforhandlast til hausten.

No er han spent på korleis regjeringa vil følgja opp avtalen.

– Regjeringa skal leggja fram stortingsmeldinga si etter sommaren og eg er veldig spent på kva mål dei legg fram for Stortinget. Eg håpar dei følgjer i fotspora til EU og følgjer opp med ambisiøse mål i tråd med naturavtalen, seier Snarheim.

– Naturavtalen kan bidra til ei endring

Han peikar på at tiltaka er viktige for å redda oss ut av naturkrisa me no står i, og at det er viktig at gjenoppretting av natur vert gjort i samråd med ulike grupper, som urfolk, kvinner og lokalbefolkning.

– Det er kjempeviktig spesielt i Noreg, der me har hatt store konfliktar mellom stat og urbefolkninga. Naturavtalen kan bidra til ei endring. Håpet er at natur vert eit omsyn kvar gong ein skal utføra eit inngrep eller eit prosjekt. Det er dit me må koma innan kort tid, meiner Snarheim.