Aasentunet er eit «erotisk museum» ifølgje Snapchat

På Aasentunet i Ørsta kan du sjå underbuksene til nynorskens far, men er det eit «erotisk museum»?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Denne helga kunne lokalavisa Møre-Nytt melda om at Aasentunet i Ørsta er oppført som «erotisk museum» på Snapchat-kartet.

– Eg vil tru at som med mykje anna på internett at dette er relativt brukarstyrt, så kanskje nokon har hatt det morosamt med å skrive dette inn i oppføringa og venta på at Møre-Nytt skal oppdaga det, seier direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik til lokalavisa.

Aasentunet i Ørsta er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur, som rommar både den fysiske og skriftlege arven etter Ivar Aasen.

Dette er Ivar Aasen sine underbukser, noko av det mest intime samlingane rommar. Foto: Ragnar H. Albertsen/Nynorsk kultursentrum

Blant gjenstandane ein kan finna der er underbuksene til nynorskens far.

– Elles er jo nynorsk sjølvsagt eit framifrå språk også når det gjeld erotikk, og om dette er ei etterlysing av meir fokus på erotiske skildringar skal vi heilt klart ta det med oss i vidare formidlingsarbeid, seier Opsvik til Møre-Nytt.